

Påskeskitur i Breheimen – Eit ekte vintereventyr frå hytte til hytte
Opplev skitur frå hytte til hytte gjennom vill og storslått natur i Breheimen – eit lite besøkt fjellområde vinterstid, men eit sant vinterparadis.
Her ventar spektakulære 2000-meterstoppar, snøsikre forhold, mektige brear og ei kjensle av urørt villmark. Denne rundturen tek deg gjennom indrefileten av Breheimen og innom fleire flotte DNT-hytter som berre kan nåast på ski.
Start og mål: Sota SæterRute: Sota Sæter – Trulsbu – Nørdstedalseter – Sota Sæter
⚠️ Turen har relativt lange etappar og krevjande terreng. Det er viktig å følgje rutebeskriving og kvisting slavisk, særleg over breane.
Dag 1: Annkomst Sota Sæter kl 1800. Middag me påfyljande informasjonsmøte kl 19.00
Dag 2: Sota Sæter → Trulsbu
Avstand: 24 km
Første etappe er lang og byr på mange høgdemeter. Det går bratt opp frå hytta og vidare over Fortundalsbreen (ca. 860 høgdemeter), over sørenden av Illvatnet og vidare i høgfjellet før nedkøyring til Trulsbu (1290 moh).
Delar av etappen kan vere skredutsett – sjekk alltid skredvarselet før avreise.
Trulsbu er ei lite besøkt, sjølvbetent hytte som ligg fantastisk til, omkransa av vakre og markerte fjelltoppar.
Her lager gruppen mat i felleskap
Dag 3: Trulsbu → Nørdstedalseter
Avstand: 16 km
Ruta går sørvest opp Vesldalen, over høgfjellsparti og ned gjennom avsidesliggjande dalføre. Undervegs passerer du nødbua Medalsbu, som kan vere nedføykt og vanskeleg å finne vinterstid. Turen endar ved Nørdstedalseter (937 moh).
No er du midt inne i Breheimen. Ta gjerne ein ekstra dag her med dagstur frå hytta. Det er ei heilt spesiell, fredfull stemning på hytter som berre kan nåast på ski.
Dag 4: Nørdstedalseter → Sota Sæter
Avstand: 21 km
Å vakne på Nørdstedalseter ein vakker vintermorgon er ei oppleving i seg sjølv. Nyt frukosten med utsikt til fjell og rein snø før du følgjer kvista løype nordover mot Fortundalsbreen. Høgaste punkt på ruta ligg kring 1 590 moh, midt på breen, med utsyn mot mektige Tverrådalskyrkja (2 089 moh).
Frå breen ventar ein nesten samanhengande lang nedkøyring tilbake til Sota Sæter – ofte eit av dei store høgdepunkta på turen når snøforholda er gode.
🍽️ Den perfekte avslutning.
Her ventar varm atmosfære, solid fjellmat og ekte påskestemning.
✨ Trekanten i Breheimen i påskaKrevjande. Storslått. Uforgløymeleg.
Eit ekte norsk skieventyr – langt frå alpinanlegg og folkemengder.
Pakkeliste for vinterturen i fjellet