Go Norsk Friluftsliv to main content
25. Jun 2026

Tur til Dalsdalen: Ilaget – Hornane – Kringla med Luster Gålag

Mer informasjon
Tur til Dalsdalen: Ilaget – Hornane – Kringla med Luster Gålag
IconSted
Icon Tid
Kl. 10.00 - 16.00
Icon Arrangør
Luster Turlag

Torsdag 25. juni kan du få vera med Øygunn Listou og Kari Ødegård til eit stølsområde dei kjenner godt.   Fotturen startar ved Ilaget på bilvegen frå Kolstad i Dalsdalen, og me går truleg først til Hornane, så langs Kringlevatnet til Kringla.  Dette to er store, fine stølar med mange hus i god stand.  Nedatt går turen om Lø – ein tredje støl.  Det er god veg og sti og lite stigning på denne turen, men det vil nok gå med ein del timar, så set av dagen!

Start i bilar frå Hafslo sentrum kl. 10 og frå Prix Gaupne kl. 10.15.  

Har du bruk for skyss vidare innover, så send SMS til 958 74 596.   

Passasjerar betaler sjåføren kr. 100 frå Hafslo og kr. 50 frå Gaupne.  

Me treng ikkje påmelding. 

Vel møtt!

Turomtale kjem fredag før tur

Kvar fredag i veka før tur vert det lagt ut ei meir detaljert orientering om turen med opning for påmelding med frist til måndag. Startpunkt vil ein få vita då, og det er viktig at deltakarane samkøyrer derifrå. Passasjerar betaler eit avtalt kronebeløp til sjåfør/bileigar alt etter kor lang køyreturen er.

Dei som melder seg på, må sjølve vurdera sine føresetnader ut frå vanskegrad og turbeskrivelse.

Ta med på turen:

  • Gode sko og kle
  • Regnkle og veret tilseier det
  • Litt ekstra varm tøy i sekken
  • Niste og drikke. Matpause vert alltid lagt inn
  • Stavar for dei som ønskjer det

Alle turar har turleiar, og på mange av turane vil det i tillegg vera med kjentkvinne/-mann


Icon Oppmøtested