Go Norsk Friluftsliv to main content
03. Sep 2026

Tur til Fåberg: Fagredalen – Holmevatnet med Luster Gålag

Mer informasjon
Tur til Fåberg: Fagredalen – Holmevatnet med Luster Gålag
IconSted
Icon Tid
Kl. 10.00 - 16.00
Icon Arrangør
Luster Turlag

Det er ikkje så ofte at gålaget er i høgfjellet, men torsdag 3. september går turen til Jostedalen, Fåberg, Fagredalen og

Holmevatnet, som ligg 1286 meter over havet. Det kan høyrast svært ut, men anleggsvegen som vart bygd på 80-talet fører heilt opp i om lag tusen meters høgde. Då blir ikkje turen særleg tung. Me går i lett og ope terreng opp til vakre Holmevatnet og satsar på at me kan få sjå inn i statsallmenningen si hytte ved vatnet og ta nista der om veret ikkje er strålande.

Kjentmann på turen er Arne Fossøy. 

Turen startar i bilar frå Hafslo sentrum kl. 10 og frå Prix i Gaupne kl. 10.15.  

Det trengst ikkje påmelding.

Dei som er passajerar betaler sjåføren kr. 100 for turen.  

Dei som melder seg på, må sjølve vurdera sine føresetnader ut frå vanskegrad og turbeskrivelse

Vel møtt til ein fin fjelltur!

Ta med på turen:

  • Gode sko og kle
  • Regnkle og veret tilseier det
  • Litt ekstra varm tøy i sekken
  • Niste og drikke. Matpause vert alltid lagt inn
  • Stavar for dei som ønskjer det

Alle turar har turleiar, og på mange av turane vil det i tillegg vera med kjentkvinne/-mann


Icon Oppmøtested