Go Norsk Friluftsliv to main content
30. Aug 2026

Tur til Kvannholtnipa

Mer informasjon
Tur til Kvannholtnipa
IconSted
Sogndal
Icon Tid
Kl. 08.00 - 18.00
Icon Arrangør
Sogndal Turlag
Icon Kontaktperson

Opplev spektakulær utsikt over Supphellebreen, Flatbreen, Bøyabreen og innover breplatået på denne turen til Kvannholtnipa.

Turen tek deg gjennom bratt og frodig terreng før ein kjem opp på den flotte utsiktstoppen Kvannholtnipa (1642 moh). Vi går ikkje på bre på denne turen, men truleg på nokre snøfonner.


Turomtale

Turen startar frå parkeringa til Flatbrehytta, og ved Tunga, på ca 350 moh delar stien seg i to, og vi vel helst stien til høgre og kjem opp i skaret innafor Vetla Supphellenipa. Like ovafor skaret får ein eit overraskande flott utsikt mot Supphellebreen. Vidare bratt opp før det flater litt ut ved Flatbrehytta og vi tek ei pause. Det er tydeleg sti vidare opp mot Flatbreen, men i forhold til kor mykje snø som ligg att, så vel vi truleg å ta av frå stien og gå meir rett på Kvannholtnipa. Her kan vi gå på ein del svaberg, men også noko ulendt og mest sansynleg gamle snøfonner.

Turen opp kring 6 kilometer og ca. 1600 høydemeter og vil trolig ta rundt 6 timer.

Returen går ned går vi ryggen, som vert kalla Rabbane. Me reknar kring 10 timar på heile turen.

Utstyr

  • Fjellsko (ikkje joggesko)
  • Ryggsekk minst 30 liter.
  • Varme underkle (det kan vere kaldt i høgda nær breen)
  • Vann og vindtett jakke og langbukse.
  • Mellomlag (fleece eller dunjakke, ullgensar)
  • Hue, hanskar
  • Solkrem, solbriller.
  • Mat, drikke og snacks – ta med rikelig, det blir en lang dag (det vil vere mogleg å finne vatn nokre stader undervegs)

 

Krav til deltaker

Turen er krevjande og det vert forventa at deltakeren er i god fysisk form og kan vere ute heile dagen.

Oppmøte

Oppmøte vert annonsert seinare

Turleiarar

Vemund Flatebakken og Jogscha Abderhalden

Icon Oppmøtested