Go Norsk Friluftsliv to main content
30. Apr 2026

Tur til Solvorn/Ornes:  Kinsedalen – Kvalen med Luster Gålag

Mer informasjon
Tur til Solvorn/Ornes:  Kinsedalen – Kvalen med Luster Gålag
IconSted
Ornes
Icon Tid
Kl. 10.00 - 17.00
Icon Arrangør
Luster Turlag

Er du turglad, vil koma i betre form og ha triveleg turfølgje, så vinn over dørstokkmila og bli med!  Det er elles alltid noko nytt å høyra og læra på slike turar.


Tur til Kinsedalen og Kvalen 30. april

Torsdag 30. april blir du invitert til å delta på vårtur på sørsida av Lustrafjorden. Saman med Per Jørgen Loen og Leif Hamaren skal me gå dei fire kilometrane langs fjorden frå industrikaien i Kinsedalen til den tidlegare husmannsplassen Kvalen.

Desse to kjentmennene veit stort sett det som er verdt å vita om dette området frå tidlegare tider til i dag. Spesielt interessant er spora etter gruvedrifta under andre verdskrigen og forteljinga om livet på den avsidesliggjande plassen Kvalen, som no er fråflytt, men som med stor innsats og økonomiske tilskot frå ulike hald blir restaurert. Dette er ein idyll i dag, men det var nok hardt arbeid som skulle til for å brødfø store familiar i tidlegare tider. Bli med, så får du sjå og høyra!

Om nokon kjem frå Skjolden, er det sikkert greiast å køyra på sørsida til Kinsedalen.  Andre møter opp for oppfylling av bilar på Prix-plassen i Gaupne kl. 10.30 eller i sentrum på Hafslo kl. 10.45. Ferja går kl. 11.00 frå Solvorn.  

Dei som er passasjerarbetaler kr. 150 til sjåføren til ferjebillett og bildrift.

Ta med på turen:

  • Gode sko og kle
  • Regnkle og veret tilseier det
  • Litt ekstra varm tøy i sekken
  • Niste og drikke. Matpause vert alltid lagt inn
  • Stavar for dei som ønskjer det

Turen har ikkje krav om påmelding.

Icon Oppmøtested