Turbo inviterar alle barnefamiliar i Ørsta og Volda til turfest i Turnhytta!
Tidspunkt: Laurdag 18. april 11.30
For dei som vil gå i lag med andre opp kan ein møte opp kl 11.30 på turparkeringa øvst i Raudemyrvegen. Om dykk vil gå sjølve er det mogleg å gå både frå Ørsta- og Volda-sida.
Påmelding: Meld dykk på om de vil bli med på fellesturen opp til Turnhytta. Går de sjølve treng de ikkje å melde dykk på.
Ta med deg heile familien, matpakke og godt humør – og bli med på ein lavterskel og kjekk turdag!
Turskildring
Frå Ørsta
Start ved parkeringa øvst i Rystefeltet. Herfrå går det gangsti/grusveg opp til gapahuken ved Dalsmunnen i Osdalen. Gapahuken har fantastisk utsikt og egnar seg som rasteplass uansett vær.
Vidare går turen langs tydeleg sti til Ossætra. Ved veiskille held ein venstre og fortsett vidare til nordsida av Dinglavannet, før ein følgjer en stien til sørsida av Dinglavatnet. For dei ekstra spreke, kan ein fortsette opp til Vardehornet. Rekn ca. 1,5 - 2 timar opp.
Frå Volda
Parker på turparkering øvst i Raudemyrvegen og følg Prestsætrevegen. Når du har kome forbi Skitnevatnet (464 moh), tar du av til høgre på sti siste delen til Turnhytta. Rekn ca. 1 time opp.
Turen er ein del av X2-festivalen i Volda.