Go Norsk Friluftsliv to main content
01. Sep 2026

Tysdagstur Myklebustdalen-Veiteberg

Mer informasjon
Tysdagstur Myklebustdalen-Veiteberg
IconSted
Gloppen
Icon Tid
Kl. 09.00 - 17.00
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Icon Kontaktperson

Denne turen går frå Myklebustdalen i Gloppen til Veiteberg i Jølster og er omlag 10,5 km lang. Det er omlag 300 høgdemeter stigning (jamn stigning). Dette er ein gammal ferdsleveg mellom bygdene i Nordfjord og Sunnfjord med støylar og fiskevatn. 

Vi køyrer i privatbilar til Veiteberg og parkerer. Der vert vi henta med buss som køyrer oss til starten i Myklebustdalen. Første del av turen, inn til Myklebuststøylen går vi på skogsveg. Deretter er det over på sti heilt til vi har passert Bakkestøylen. Siste del av turen nedatt til Veiteberg går vi på grusveg. Middels tung tur grunna lengda på turen. På UT.no er turen anslått til å ta omlag 4 timar. Vi vil nok berekne omlag 5 timar + pausar. 

Det er påmelding til denne turen grunna busstransporten. 

Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 09.00. Ev oppmøte ved turstart etter avtale med turleiar. 

Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. For særleg lange turar vart det avtalt eigen sats. 

IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn. 

Icon Oppmøtested