Turen startar frå parkeringsplassen ved Lonefossen før Kleppstølen i Naustdal. Vi går først ca 2 km på god grusveg frå parkeringsplassen opp forbi Kleppstølen til Stegoggestølen. Derifrå på sti i terrenget. Eit par bratte parti. Vi går omlag 530 høgdemeter, og omlag 4 km kvar veg. Turen er omtalt på UT.no som «Kleppstølen-Smådalsnipa».
Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 10.00. Ev oppmøte ved turstart etter avtale med turleiar.
Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. For særleg lange turar vart det avtalt eigen sats.
IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn.