Go Norsk Friluftsliv to main content
06. Oct 2026

Tysdagstur til Dysjelandsheia

Mer informasjon
Tysdagstur til Dysjelandsheia
IconSted
Sunnfjord
Icon Tid
Kl. 10.00 - 15.00
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag

Turen til Dysjelandsheia startar i Stordalen (støylsområde sør for Sande). Frå brua følgjer vi merka sti på nordsida av elva. Stien startar slakt oppover eit stykke før den dreiar nordover og vert litt brattare. Stien held fram vidare opp langs elva forbi Dysjelandsstølen til vi kjem til Kråkevatnet. Stien går på austsida av vatnet opp lia og eit litt bratt parti opp på ryggen til Dysjelandsheia. Det siste stykket opp til toppen er lettgått.

Turen har ei samla stigning på omlag 311 meter over omlag 2,5 km, og vert reknar som ein middels tung tur. 

Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 10.00. Ev oppmøte ved turstart etter avtale med turleiar. 

Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. For særleg lange turar vart det avtalt eigen sats. 

IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn, og minner m.a. om at turdeltakarane har ansvar for eingen sikkerheit. 

Icon Oppmøtested