Go Norsk Friluftsliv to main content
18. Aug 2026

Tysdagstur til Fondsbu

Mer informasjon
Tysdagstur til Fondsbu
IconSted
Vang
Icon Tid
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag

Ved vestenden av Bygdin i den sørlege delen av Jotunheimen ligg den betente DNT-hytta Fondsbu, ca 1000 moh. Hytta er kjent for god lokalmat og gode service. Her finn du eit fantastisk og variert turterreng. Det blir turar med utgangspunkt i Fondsbu der vi skal bu og overnatte i tre netter. 

Vi reiser frå Førde tysdag 18.08. kl 10, og reknar med å vere tilbake i Førde fredag 21.08 på kvelden. Det blir organisert transport i privatbilar for dei påmelde.

Det er ein fordel med litt turerfaring. Planlagde turar er rekna frå middels til krevjande.

Førebels turprogramm

     Utsikten 1484, ca 6 km, 500 høgdemeter (+ Skjenggen)

     Høgbrøthøgde 1821, ca 13 km, ca 800 høgdemeter

     Slettningsbu (rundtur frå Tyinvegen (Sletterust)

Turpogramm for desse dagane kan bli endra/oppdatert. Ein kveldstur innover den vakre Koldedalen, med Uranostind og Falketind som kulisser, må det vel også bli tid til.

Turane må også leggast opp litt etter kva ver vi får.

Overnatting, middag og frukost kr 3900,- for medlemmer av DNT, kr 4300,- for ikkje medlem

Turleiarar er  Kjell Arne Hjellbrekke og Liv Tefre. 

Kostnad med transport kjem i tillegg

Icon Oppmøtested