Vi køyrer mot Sundsdalen og tar av til Kinna (skilta). Etter 3-4 km tar vi til høgre mot Byrkjeflot. Vi parkerer på parkeringsplassen før gardstunet. Turen går dels på veg, og dels på tydelig, men utmerka sti. Etter ca 2,5 km på veg tar vi inn på stien ned til Kusslidstøylen og videre opp til Gravvatnet om er drikkevasskjelda til Førde! Middels tur på 5 km og 352 høgdemeter.
Turleiarar er Kirsten Sunde og Britt Halbrend.
Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 10.00. Ev oppmøte ved turstart etter avtale med turleiar.
Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. For særleg lange turar vart det avtalt eigen sats.
IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn, og minner m.a. om at turdeltakarane går på eige ansvar.