Turen til Markahengenipa følgjer same rute som frå Markavatnet til Nipebu. Vi startar å gå frå enden av Markavatnet, ca 150 moh, først eit kort stykke på grusveg, deretter over på merka sti, over myrar og opp gjennom skogen. Oppe ved Krokavatnet er vi over skogen, og landskapet opnar seg opp. Rett før Nipevatnet, på ca 500 moh, tek vi rett vestover på slak oppstigning til Markanipa som ligg omlag 600 moh. Fin utsikt i alle retningar. Same veg tilbake.
Turleiarar til markahengenipa er John Lien og Svein Ove Osland.
Dersom nokon ønskjer å gå vidare til Nipebu og bli over til neste dag, krev dette påmelding.
Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 10.00. Ev oppmøte ved turstart etter avtale med turleiar.
Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. For særleg lange turar vart det avtalt eigen sats.
IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn, og minner om at turdeltakarane har ansvar for eigen sikkerheit.