Turen starter på Osland ved dei gamle kopargruvene, den går litt bratt oppver i småkratt før ein kjem til eit noko vått terreng. Deretter går stien oppover fjellet i fint terreng. Fin utsikt oppover, og på toppen kan ein sjå til Svanøya og fin utsikt utover Stavfjorden mot Florø. Turen er ca 4,3 km og ca 520 høgdemeter og er rekna som ein middels krevande tur.
Turleiarar er John Lien og Karen Hornnes.
Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 10.00. Ev oppmøte ved turstart etter avtale med turleiar.
Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. For særleg lange turar vart det avtalt eigen sats.
IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn, der det m.a. går fram at turdeltakarane har ansvar for eiga sikkerheit.