Go Norsk Friluftsliv to main content
09. May 2026

Vegalause gardar langs Osterfjorden inkludert båttur og betasuppe og foredrag på Kleiveland gard 9. mai

Mer informasjon
Vegalause gardar langs Osterfjorden inkludert båttur og betasuppe og foredrag på Kleiveland gard 9. mai
IconSted
Osterøy
Icon Tid
Kl. 09.00 - 17.00
Icon Arrangør
Osterøy Turlag
Icon Kontaktperson

Dette vert ei oppleving av dei store. Turen går frå Kleiveland via dei veglause gardane på Furnes, Bogen og Askildsneset. På Askildsneset vert det høve å til å sjå nærare på gilja der, og på turen vil de og få veta litt om liv og levnad her. 

Frå Askildsneset vert vi henta i båt og frakta inn for ei omvising i Heimvikje. I dag er det berre Tore Heimvik som bur her, og han vil visa oss litt rundt og fortelja litt om livet der. 

Så går båtturen ut fjorden forbi Stokken og Furnes til Kleiveland. Der vil vi få servert betasuppe og foredrag om livet langs fjorden og det særmerkte giljefisket

Turen til fots er knappe 6 km, men det er rimeleg bratte bakkar vi skal opp og ned, så ein bør vera van med å gå nokre bakkar. Det er ikkje slik at ein får høgdeskrekk, og vi legg inn pausar når det er trong for det.

Kanskje er dette siste høvet til ein slik tur med skyssbåt eine vegen, då det kan sjå ut som båtruta vert lagt ned til sumaren.

Prisen dekkjer turleiing, planlegging, båtskyss og mat og foredrag på Kleiveland

Icon Oppmøtested