Go Norsk Friluftsliv to main content
01. May 2026

Vårskitur i Skarvheimen - Rundtur fra Finse til Geiterygghytta

Mer informasjon
Vårskitur i Skarvheimen - Rundtur fra Finse til Geiterygghytta
IconSted
Ulvik
Icon Tid
Icon Arrangør
Odda/Ullensvang Turlag

Bli med oss på ei uforgløymeleg vinterhelg i vakre Skarvheimen! Vi legg ut på eit klassisk fjellski-eventyr med rundtur frå Finse til Geiterygghytta 01. – 03. mai. Dette er turen for deg som elskar snø under skia, overnatting på koselege DNT-hytter, god mat, peiskos og kjensla av å vere midt i vinterparadiset.

Skarvheimen – fjellområdet mellom Jotunheimen og Hardangervidda – er perfekt for fjellskitur. Landskapet er kupert og variert, snøsikkert og godt kvista. Når ver og føre spelar på lag, er det ein rein fryd å gå på ski her. Men fjellet har sine sider og kan by opp til dans – då er det godt å ha erfarne turleiarar med seg. Vi satsar sjølvsagt på sol og flotte dagsetappar – med sekk på ryggen og solbriller på nasen!

PROGRAM

Fredag: Oppmøte på Finsehytta (1223 moh) innan kl. 19.00. Det er om lag 400 meter å gå frå togstasjonen til Finsehytta. Felles middag kl. 19.00. Etter middagen blir det ei kort samling med informasjon om morgondagens tur og presentasjon av deltakarane.

Det blir lagt opp til rundtur Finse–Geiterygghytta–Finse, men kva etappe som blir gått dei ulike dagane, avheng av ver og føreforhold, slik at vi får gått turen om magiske Kyrkjedøri den dagen det er finast ver – og slik at vi rekk tilbake til Finse i god tid før kl. 16.00 på søndagen.

Laurdag: Etter frukost pakkar vi sekkane og legg i veg mot Geiterygghytta. Ruteval vert bestemt tett opp mot turen. Vel framme på Geiterygghytta tek vertskapet Torill og Kjetil Hauge imot oss med fyr i peisen og god mat og drikke. Felles middag kl. 19.00. Etter middagen blir det ei kort oppsummering av dagen og informasjon om søndagens etappe.

Søndag: Etter frukost pakkar vi sekkane og set kursen tilbake mot Finse. Ruteval vert bestemt etter forholda. Vi reknar med å vere tilbake på Finse rundt kl. 16.00. Turen blir avslutta der før alle reiser kvar til sitt.

RUTEVAL

Alternativ 1: Finse – Geiterygghytta (1224 moh) via Omsbreen ca. 17 km / 5 timar. Turen går frå Finse langs kvista løype mot Klemsbu, vidare nordover gjennom Finsedalen, aust for Omsbreen og over vasskiljet (1530 moh). Har vi tid og fint ver, tek vi kanskje ein avstikkar til St. Pål (1694 moh) med panoramautsikt over Hardangerjøkulen, Skarvheimen og Jotunheimen.Vidare ned Såtedalen, over Omsvatnet og fram til Geiterygghytta. Alternativt motsatt veg.

Alternativ 2: Geiterygghytta – Finse via Kyrkjedøri ca. 19 km / 7 timar. Ei fantastisk rute gjennom magiske Kyrkjedøri. Frå Geiterygghytta går løypa austover under Kittilsbunosi, vidare under Storfonnosi og Godfjell før vi kjem til Kyrkjedørsvatni. Vi fortset mot Finse gjennom Kyrkjedøri, turens høgdepunkt, før vi renn ned mot Flakavatnet og vidare opp mot Sanddalsvatnet kor løypa deler seg og ein kan ta av mot Klemsbu. Me skal gå direkte frå krysset og ned mot Finse. Her ventar det ei flott nedkøyring til Finse. Høgaste punkt ca. 1600 moh. Alternativt motsatt veg.

(Med atterhald om endringar i programmet! Turleiarane vurderer føre, vêr og tryggleik i samråd med vertskapet og deltakarane.)

PRAKTISK INFORMASJON

Pris:

  • DNT-medlem: 2 600 kr

  • Ikkje-medlem: 3 600 kr

Prisen inkluderer overnatting med full pensjon (3-rettars middag/buffé, frukost, niste og termosfylling) på Finsehytta og Geiterygghytta, turleiarar og naudsynt tryggleiksutstyr. Første dag er berre middag inkludert, og siste dag frukost + niste og termos.

NB! Togbillettar til og frå Finse må deltakarane ordna sjølve.

Maks tal deltakarar: 12 personar

Gradering: Krevjande. 
Vinterfjellet er vakkert, men lunefullt. Sjølv enkle skiturar kan bli krevjande med dårleg føre og mykje vêr. Med rett utstyr får du ei uforglemmeleg oppleving og gode historier å dele.Ein må vere i god form og kunne gå dagsetappar på ca. 20 km på ski med sekk.

UTSTYR

Av tryggleiksomsyn krevst det rett bekledning og utstyr. Sjå DNT si pakkeliste for vinterturar. Obligatorisk utstyr for vintertur er: sovepose, liggeunderlag, vindsekk/nødbivuakk, spade og skibriller. Alle må bruke fjellski (helst med stålkant), feller og eige skiutstyr. Test nye sko godt før turen for å unngå gnagsår.

Kart: Turkart Skarvheimen 1:50 000Oppdatert ruteinformasjon finst på ut.no. Kart kan kjøpast i DNT sin nettbutikk.

OVERNATTING

Vi bur på Finsehytta og Geiterygghytta.Deltakarane bur på 4–6-sengsrom og nyttar eiga lakenpose (sovepose er ikkje tillate).Sengetøy og handkle kan leigast på hyttene.

MATALLERGIAR OG ANNA INFORMASJON

Gi beskjed ved påmelding om du har matallergiar, matpreferansar eller om det er andre omsyn vi må ta.

REISEVEG

Tog til Finse frå Bergen, Voss, Geilo eller Oslo. Sjå rutetider på entur.no eller vy.no. Odda/Ullensvang Turlag er ikkje ansvarleg for eventuelle endringar eller feil i rutetidene. Deltakarane har sjølv ansvar for å undersøkje at rutetidene er riktige. Deltakarane må òg sjølve sørgje for å kome seg til oppmøtestaden på Finse. Verken turleiar, administrasjon eller vertskap på hyttene kan av ulike årsaker organisere samkøyring med privatbilar.

VILKÅR FOR DELTAKING

Ved påmelding stadfestar du at du har lese og godteke vilkår for deltaking på DNT-tur.
Hugs reiseforsikring!

TURLEIARAR

Håvard Apold og Torje Eriksen. Begge er frivillige turleiarar med god fjellerfaring og DNT-utdanning. Dei gjer turleiaroppdrag med glede og deler gjerne si friluftsglede og erfaringar. Turleiarane vil ta kontakt med kvar deltakar om praktisk informasjon 1–2 veker før turstart.

Icon Oppmøtested