Nordhordland Turlag inviterar til tur til Finden og Finnabotn siste helga i april. Våren i Finnafjorden er spesiell vakker med brytning og liv til ei ny årstid.
Vi er heldige og får husly på Finden gard hjå Laila og Lars Finden. Her skal vi bu og få servert kortreist middag og bli kjent med staden, fjorden og historia. Med oss i følgjet har vi Nils Kvamme som vi i fleire år har samarbeida med om turar i Stølsheimen. Han vil vere kjentmann, vise og fortelje når vi laurdag fer inn til Finnabotn. Her har vi ulike alternative turar både bortover og litt oppover ettersom snøen og vinteren er reist eller ikkje.
Turen er gradert som enkel i vanskegrad.
Tid: Fredag 24. april - søndag 26. april 2026
Oppmøte: Ortnevik kai kl. 17.00
Område:
Finnafjorden er den minste av fjordarmane av Sognefjorden, men kanskje også den mest spesielle. Der ligg dei veglause gardane Finden og Finnabotnen. Nesten utilgjengeleg ligg fjorden der utan vegsamband med berre eit smalt sund før han vidar seg ut innover mot Finnabotn. Her stuper fjella rett i fjorden. I år 2002 var Finden med i tv-programmet «Der som ingen skulle tru at nokon kunne bu». Garden Finden fekk i 2006 Bygdeutviklingsprisen.
Transport
Overnatting og mat
Pris:
kr 2300,- for medlemar i DNT og kr 2700,- for ikkje-medlemar. Du kan støtte Turlaget ved å melde deg inn her.
Deltakaravgifta dekkjer:
Deltakaravgifta dekkjer ikkje:
Utstyrsliste
Turleiarar: Jane Britt Daae og Kjell Ove Thorseth
Turleiarane vil kontakte alle påmelde ca. ei veke før turen med informasjon og påminningar.
Avmelding
Avmelding t.o.m 1. april gjev 100% refusjon av deltakaravgifta med frådrag av eit bankgebyr. Ved avmelding frå 2. april t.o.m 15. april refunderast 50 % av deltakaravgifta med fraårag av et bankgebyr. Ved avmelding seinere (det vil seie frå og med 16. april) , eller dersom den påmeldte ikkje møter ved avreise, blir deltakaravgifta ikkje refundert. Deltakar må sjølv sørge for avbestillingsforsikring, gjennom reiseforsikring eller kortselskap. Denne gjeld ved sjukdom eller andre årsaker som hindrar deltaking. Avmelding skal meldast til e-post nordhordland.turlag@dnt.no
Vi tek attarhald om endringar i opplegget grunna ver- og føreforhold.
Nyttige lenker:
Der ingen skulle tru 1: Finden i Sogn
Der ingen skulle tru 2: Tilbake til Finden
Bilder: Finden (av Kjell Ove Thorseth), Finden og Finnafjorden (av Nils Kvamme), Finden (av Nils Kvamme), Nils Kvamme over Finnabotn (av Arild Skogseth), Finnabotn (av Svein-Even Grindheim)