Go Norsk Friluftsliv to main content
14. aug. 2025

4 - Dagars vandringstur på Hardangervidda med overnatting

Mer informasjon
4 - Dagars vandringstur på Hardangervidda med overnatting
IconSted
Eidfjord
Icon Tid
Icon Arrangør
Bømlo Turlag
Icon Kontaktperson

Velkommen på tur med Bømlo Turlag til ny utforsking av Hardangervidda. Her blir det tur sør for Hardangerjøkulen og mellom fylka Buskerud og Vestland. 

Turen startar frå Fagerheim på merka stiar og med dagsetappar på 6-17,5 km i spennande terreng, så dette er ein middels krevjande tur for turvante folk. Sidan me går dagsetappar frå hytte til hytte, krev turen ein god ryggsekk, med plass til det me har bruk for på heile turen. 

Turen går frå Fagerheim Fjellstove, Krækkja, Kjeldebu og rundt Sysenvatnet og ned til Liseth Pensjonat og Hyttetun. Overnatting på dei betjente hyttene på Krækkja og Liseth i tillegg på den sjølvbetjente hytta Kjeldebu. 


Oppmøte:     Torsdag 14. august kl. 08:00 på parkeringsplassen ved Svortland Skule. Alternativt frammøte på Fagerheim Fjellstove seinast kl. 14:00

Meir info ved påmelding eller kontakt: turlaget@haugnett.no

Totalprisen er inkl. transport t/r, full pensjon og 3 overnattingar.

Icon Oppmøtested