Go Norsk Friluftsliv to main content
01. May 2026

7-fjellstur i Askvoll

Mer informasjon
7-fjellstur i Askvoll
IconSted
Askvoll
Icon Tid
Kl. 09.00 - 17.00
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Icon Kontaktperson

Indre Sunnfjord Turlag inviterer alle til ein 7-fjellstur langt ut mot havet i Askvoll 1.mai 2026.

Turen går til 7 fjelltoppar som ligg rundt Askdalen. Vi møtast ved kyrkja i Askvoll og går derifrå i samla tropp kl.09.00. Turens første turmål går litt bratt opp til Blåfjellet på 533 moh. Deretter er det kupert gange til dei øvrige toppane, Siktanuten og Hjartåsen. Ein må noko ned i dalen til Askvatnet før oppstigning til topp nr 4, Steinheia. Derifrå lett gange til Eggene, vidare til Kultingane for så å avslutte med ein tur til Fristadfjellet på 476 moh. Retur ned i Askdalen og til bilane. Du har då gått ca 14 km. Det er for det meste tørre stiar. Turen ligg her: 7 fjellstur Askvoll (ut.no)

Vi brukar mellom 6 og 8 timar på heile turen. Bli med og opplev eit flott turterreng og ei unik utsikt heile dagen.

Turleiarar vert som vanleg John Lien og Anne Grethe Lien.

Vel møtt til ein fottur denne flotte maidagen!


Praktisk informasjon (gjeld alle turar)

  • Turane vert gjennomførte som frivillig dugnad. Turleiarane har god kompetanse, men alle deltakarar har ansvar for seg sjølv og eige utstyr. IST følgjer DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar.
  • DNT har ei sett med ulike pakkelister her: https://www.dnt.no/pakkelister/.  
  • Som deltakar kan du bli fotografert av turleiarar eller andre deltakarar, og bileta kan bli brukte i IST sine kanalar. Gje beskjed til turleiar om du ikkje ønskjer å bli fotografert.

#helgetur

Icon Oppmøtested