Go Norsk Friluftsliv to main content
14. juni 2025

7-fjellstur i Førde

Mer informasjon
7-fjellstur i Førde
IconSted
Sunnfjord
Icon Tid
Kl. 07.00 - 23.00
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Icon Kontaktperson

Har du lyst å gå ein skikkeleg lang og krevjande fjelltur har du sjansen til å prøve deg på 7-Fjellsturen i Førde. 

Dette er ein lang og seig tur som fleire og fleire ønsker å prøve seg på. Dei aller fleste som startar klarar å gå heile runden: Fureviknipa (750moh.), Skinnbroka (820moh), Fauskevarden (853moh), Halbrendsnipa (801moh), Hafstadfjellet (706moh), Viefjellet (709moh) og til slutt Førdsnipa (863 moh). 

Nesten fire mil, ca 3000 høgdemeter og mellom 14 og 15 timar etter at vi startar er vi nede att i Førde, i Grovene. For ein ekstra motivasjon til siste kneika vert det servert pizza og brus ved Ryggjabrua.

For dei som tenkjer at dette blir i meste laget, kan møte opp og gå deler av turen. Fire, fem eller seks fjell, dette vel du sjølv.  Finn fram fjellskoa, pakk mat og drikke i sekken og bli med!

Vi reiser frå Festplassen i Førde kl.07.00. Vi ordnar med fellestransport til parkeringsplass ved Nordheitunnelen. Møt opp i god tid!
Du kan også møte opp på parkeringsplass ved Nordheitunnelen 07.15! 

Turavgift: 250 kr for medlem, 500 kr for ikkje-medlem. Aldersgruppe 13-25 år 100,-. Prisen inkluderar transport og pizza/brus.

Turen er merka som ekstra krevande grunna lengde og totalt antal høgdemeter, ingen spesielt luftige parti eller parti med utsatt klyving o.l.

#helgetur

Icon Oppmøtested