Go Norsk Friluftsliv to main content
01. juni 2025

7-Fjellsturen Øygarden 2025

Mer informasjon
7-Fjellsturen Øygarden 2025
IconSted
Øygarden
Icon Tid
Kl. 09.00 - 17.00
Icon Arrangør
Sotra Øygarden Turlag
Icon Kontaktperson

Bli med på vår tradisjonelle 7-fjellstur! Turen går i variert terreng. Den er 22 km lang og har 1193 meter høgdestigning. Dette er dei sju fjella: 

  1. 1. Høgafjellet 
  2. 2. Liatårnet 
  3. 3. Pyttane 
  4. 4. Vardafjellet 
  5. 5. Bildøyfjellet 
  6. 6. Knappskogfjellet 
  7. 7. Spjeldsfjellet 

Oppmøte og parkering:  

Turen startar klokka 09:00 ved parkering på Haganes. Oppmøte i god tid før turstart for orientering frå turleiarane. Parkeringsplass på høgre sida av vegen før ankomst til sjølve Hagane. Vær OBS på at det berre er nokre få parkeringsplassar. Me tilrår samkøyring. 

Om turen: 

Det er ein krevjande tur som tek omlag 8-9 timar. Deltakarane går i samla tropp heile vegen saman med turleiarane og det er ingen tidtaking på turen. Vurder nøye på førehand om du har kapasitet til å gå heile turen. Dersom ein må avbryte tur skal turleiar varslast. 

Deltakarane må sjølv organisere transport frå Spjeld etter turen. 

I år kan traséen på Kolltveit bli noko endra grunna de pågåande vegarbeidet.

Turleiarar:

  • Magnar Alvheim, tlf 99787844
  • Magnar Angeltveit, tlf 90794404

Ta med:

  • - rikeleg med mat og drikke. Ein reknar minst ei brødskive per time på tur
  • - enkelt førstehjelpsutstyr 
  • - lett klesskift 
  • - klede etter været. Hugs at det kan blåse kaldt på toppane. 
  •  

Påmelding: 

For å kunne sende ut informasjon til deltakarane ynskjer me at alle melder seg på. Det er gratis å delta både for medlem og ikkje-medlem, men me ynskjer at flest mogleg støttar oss med eit DNT-medlemskap. Les meir om medlemskap her:  Medlemskap DNT

Les vilkåra for deltaking på tur i regi av Sotra Øygarden Turlag / DNT: Vilkår turdeltaking

Les også praktisk informasjon om tur: Praktisk informasjon


Icon Oppmøtested