Bli med på vår tradisjonelle 7-fjellstur! Turen går i variert terreng. Den er 22 km lang og har 1193 meter høgdestigning. Dette er dei sju fjella:
Turen startar klokka 09:00 ved parkering på Haganes. Oppmøte i god tid før turstart for orientering frå turleiarane. Parkeringsplass på høgre sida av vegen før ankomst til sjølve Hagane. Vær OBS på at det berre er nokre få parkeringsplassar. Me tilrår samkøyring.
Det er ein krevjande tur som tek omlag 8-9 timar. Deltakarane går i samla tropp heile vegen saman med turleiarane og det er ingen tidtaking på turen. Vurder nøye på førehand om du har kapasitet til å gå heile turen. Dersom ein må avbryte tur skal turleiar varslast.
Deltakarane må sjølv organisere transport frå Spjeld etter turen.
I år kan traséen på Kolltveit bli noko endra grunna de pågåande vegarbeidet.
For å kunne sende ut informasjon til deltakarane ynskjer me at alle melder seg på. Det er gratis å delta både for medlem og ikkje-medlem, men me ynskjer at flest mogleg støttar oss med eit DNT-medlemskap. Les meir om medlemskap her: Medlemskap DNT
Les vilkåra for deltaking på tur i regi av Sotra Øygarden Turlag / DNT: Vilkår turdeltaking
Les også praktisk informasjon om tur: Praktisk informasjon