Go Norsk Friluftsliv to main content
10. Nov 2025

Aktivitetsdag i Granvin

Mer informasjon
Aktivitetsdag i Granvin
IconSted
Voss
Icon Tid
Kl. 09.45 - 14.00
Icon Arrangør
Voss Utferdslag
Icon Kontaktperson

Måndag 10. november er det planleggingsdag for barnehagane og skulane i Voss herad. Me ynskjer å visa kva Granvin har å by på, og inviterer alle til ein kjekk aktivitetsdag ved fjordparken. 

Gratis arrangement
Arrangementet er gratis, inkludert busstransport.  

Aktivitetar:
Fjordparken består av ein super leikeplass samt eit friluftsområde med sandstrand, volleyballbane, overbygg med bord, grill, og toalett.   

Det blir fokus på frileik (skattekammeret tek med ein del leikar), men ein har også høve til å bli med på båttur for å trekka garn med Granvin båtlag. Det er begrensa plassar, så dei eldste barna som kan dra ut utan foreldre vil bli prioritert. Det er også mogleg å fiska frå brygga, men ta med eige stang om de har det. 

Me fyrar opp bålpanner og grill, så de kan grilla medbrakt mat om de ynskjer det. 

Hvis veret blir dårleg kan de gå inn i kantina på Mælandshagen omsorgstun for å varma dykk/ skifte klede/ eta og teikna.


Påmelding
Meld dykk på arrangementet innan sundag 9 nov. kl. 12.00.  

Oppmøte: 
Holbergsplass kl. 09:45. De finn oss med raude vestar ved parkeringa. Bussen går kl. 10. 

Retur:
Retur med buss frå Granvin fjordpark kl. 14.00. 

Skal du/de ikkje ta VU sin buss?
Fint om de melder dykk på og hukar av på at de ikkje ynskjer busstransport. Om de køyrer bil kan de parkera ved grusplassen like ved fjordparken. 

Ta med:
Gode og varme uteklede, skifteklede, vasstette sko, mat og drikke. Det vert mogleg å grille medbrakt mat. Ta med redningsvest om de ynskjer å bli med på båttur. Ta også med eige fiskestang om de ynskjer å fiske frå brygga. 

Føresett:
Alle borna må ha med seg ein føresett. 

Arrangementet er eit samarbeid mellom Voss Utferdslag, Voss Røde Kors, Voss Frivilligsentral, Kirkens Bymisjon/Skattkammeret, Granvin helselag og Granvin båtlag. 

Me gler oss! 

Icon Oppmøtested