Fredag 13. mars er ein planleggingsdag for barnehagane og skulane på Voss.
Me ynskjer å visa dykk perlene på Stanghelle denne dagen, og inviterer alle til ein kjekk aktivitetsdag.
Gratis arrangement:
Arrangementet er gratis, inkludert togbillettar.
Aktivitetar:
Fyrst tek me toget saman til Stanghelle og går i samla flokk til Agnavika* (5-10 minutt). På dette flotte friluftsområdet vert det både frileik og andre aktivitetar (skattekammeret tek med ein del leikar). Me fyrar opp bålpanner og grill, så de kan grilla medbrakt mat om de ynskjer det. *Dette området er barnevognveneleg.
Me vil også tilrettelegga for frileik i den flotte skogen (som ligg ca 5 min gange) frå Agnavika. Her er det også ein gapahuk og ein kjekk frisbeegolfbane.
Dersom forholda tilet det (for tida er det for mykje is) blir det også organisert tur til den nydelege dagsturhytta "Fjorsyn" på Tettaneset ved fyrlykta. Turen tek ca. ein time kvar veg (totalt 2,7 km) og går på sti i kupert terreng.Turen blir organisert frå togstasjonen, så blir det heller tid til leik etter turen er omme.
Me tek toget tilbake til Voss kl. 13:56.
Påmelding:
Voss Utferdslag bestiller og betalar for togbillettar. Meld dykk på arrangementet innan torsdag 12. mars kl. 12.00.
Oppmøte:
På Voss Stasjon kl. 10.00. De finn oss med raude vestar på stasjonen. Toget har avgang kl. 10:16.
Retur:
Retur med tog frå Stanghelle kl. 13:56.
Skal du/de ikkje ta tog?
Fint om de melder dykk på og skriv at de møter oss på stasjonen på Stanghelle (NB: begrensa parkering).
Ta med:
Gode og varme uteklede, skifteklede, vasstette sko, mat og drikke. Det vert mogleg å grille medbrakt mat.
Føresett:
Alle borna må ha med seg ein føresett som har ansvar for barnet/borna under heile arrangementet.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Voss Utferdslag, Voss Røde Kors, Voss Frivilligsentral, og Kirkens Bymisjon/Skattkammeret. Takk til Vestland fylkeskommune for ABC-midlar til dette arrangementet.
Me gler oss til ein kjekk dag med dykk :)