Go Norsk Friluftsliv to main content
28. sep. 2025

Aktivitetsløype

IMG 5664
Icon Tid
Kl. 12.00 - 15.00
Icon Arrangør
Granvin Helselag
Icon Kontaktperson
Familieaktivitetsløype med ulike poster i Granvin sentrum. Start og avslutning ved ungdomshuset Trudvang.

Granvin helselag jobbar for å fremje både fysisk og psykisk helse i alle aldrar og vil difor ynskje velkomen til ei aktivitetsløype som passar for alle i familien. Her blir det ulike postar og oppgåver rundt om kring i Granvin sentrum og vi avsluttar med eit hyggeleg og sosialt måltid saman i ungdomshuset Trudvang. Arrangementet er ope for alle og det krevast ingen påmelding i forkant.

Velkomen!

Icon Oppmøtested
Ungdomshuset Trudvang ligg like ved Joker-butikken, og omtrent 100 meter frå bussterminalen i Granvin. Det er gode parkeringshøve både utanfor ungdomshuset og andre stader i nærleiken.