Go Norsk Friluftsliv to main content
10. May 2026

Alden - 2026

Mer informasjon
Alden  - 2026
IconSted
Askvoll Kommune
Icon Tid
Kl. 09.00 - 16.00
Icon Arrangør
Flora Turlag
Icon Kontaktperson
Astrid B. Eliassen / Arnfrid Bergheim
415+49+299+/+481+23+163
astrid.eliassen@heimtun.org

Det blir tur til Alden også i 2026

Denne turen er ett samarbeid med Indre Sunnfjord Turlag 

Vi går samla oppover frå kaia i Aldevågen og deler oss ved stiskille for dei som vil til Ytstenova 418 moh først og deretter til Instenova 480 moh.  Resten av turfølget går rett til Instenova.  Nokre veit sikkert før vi startar om dei vil ta begge eller berre ein topp.  Det er bratt oppover til over 300 moh der gruppa deler seg.   

Heile turen via Ytstenova og deretter Instenova er omlag 6 km tur retur kaia.  Turen rett opp til Instenova er omlag 4 km tur retur kaia.   

Felles matpause har vi på Instenova klokka 12.00 og retur klokka 12.30      

Vi har 4 timer frå vi går i land på Alden til vi blir henta for retur til Florø. 

Det kan bli samordna køyring frå Festplassen v/Laksen i Førde klokka 07 45 til Florø.   Gje beskjed ved påmelding om du vil bli med på fellestransport og har bil eller treng transport

Turleiarane har raude DNT vester

Hund: Det er ikkje tillat med hund på denne turen. 

Avgang: Båt går frå Fugleskjærskaia i Florø klokka 09.00 og retur klokka 14.00 frå Alden. Møt opp i god tid før avgang. Vi tar atterhald om været, og treng minimun 40 påmelde - max 63. 

Kva treng du? Ta med rikeleg med drikke og niste. Gode kle og sko til tur, gjerne eit skift.

Spørsmål? Kontakt Astrid Breiland Eliassen på 415 49 299 / Arnfrid Bergheim på 481 23 163. 

Pris: kr 750 for medlemmer og kr 850 for ikkje-medlemmer

Påmeldte innan kl 18.00 fredag kveld - er det forsatt ledige plasser kan ein melde seg etter 

Meld deg på under!

Ved dårlig vær eller under 40 påmeldte, kan turen bli avlyst. Det går da ut mail til påmeldte kl 18.00 fredag kveld  - har påmeldingsfrist då(grunna bestilling av båt), men det er mulig å melde seg på etter om det ledig plass

Påmelding opnar 1 april 2025

Som turdeltakar kan du bli fotografert av turleiarar eller andre deltakarar, og bileta kan bli brukte i FT/IST sine kanalar og på nettsider. Gje beskjed ved påmelding om du ikkje ønskjer å bli fotografert.


Velkommen på tur til Norske Hesten - Alden!





Foto: Fylkesarkivet.no
#helgetur

Icon Oppmøtested