Me startar på omlag 450 moh, og skal opp i knapt 1300 moh i Sogndalsskardet. Derifrå går me ned til Storebotn og vidare ned Bessdalen på sti og og siste del på anleggsveg til Berge.
Turen er middels tung til krevjande, og tek 6-7 timar.
Sogndal Turlag lover roleg tempo med mange småpausar opp til Sogndalsskardet, derifrå går det nedover i lett terreng til Berge. Bli med på ein fantastisk tur i vill og vakker natur!
Vi ordnar felles transport tilbake til startpunktet.
Deltakarane vippser ein eigenandel av transportkostnadene etter turen.
Stødige fjellsko og gode klede er påkrevd
Hugs godt med mat og drikke
Turen kan bli avlyst i dårleg ver
Følg med på heimesida og Facebook for oppdateringar i forkant av turen
Dato: 9. eller 10. august – turen vert lagt til dagen med best vêrmelding |
Påmelding: Påmelding i påmeldingsskjema eller på SMS til turleiar |
Turleiar: Anne Skaar (900 70 257) og Knut Armand Iversen |