Tur i blåisen i Haugabreen.
Det å gå med stegjarn, isøks og tau i ein blåisbre er ei spesiell oppleving. Tidlegare var det høve til å få seg ein tur i blåisen med guide både i Briksdalsbreen, Brenndalsbreen og Bødalsbreen. Sistnemde var og i mange år nytta som kursbre for ulike brekurs. Ingen av desse breane kan lenger nyttast til turar grunna stor smelting.
Haugabreen i Stardalen, som er ein brearm av Myklebustbreen, ligg noko høgare og er framleis ideell for ein tur i blåisen. Denne breen er «snill», som er enkel å kome inn på, og ein kan velgje å gå turar av ulik vanskegrad. Turen vi skal gå er ein enkel tur.
Breførarar møter ved Chatlet Sandane, og det blir felles avreise kl 08.00. Vi brukar ca ein time å køyre opp til parkeringsplassen ved Haugastøylen på ca. 600 moh. (Bompengar)
Der vil alle få utdelt breutstyr, og vi vil tilpasse breutstyret til kvar deltakar. Turen startar med at vi går innover Haugadalen i 30 – 40 min, so stig stien bratt opp ca. 300 høgdemeter til det nivået Haugabreen ligg på, som er ca. 900 moh.
Ved kanten av breen har vi ei matøkt, og vi tek på oss personleg breutstyr før vi blir knytte inn i to taulag.
Vi startar med ei roleg vandring oppover breen. Første delen av turen er svært enkel vandring. Når vi kjem til «basecamp» i breen, vil vi dele gruppa i to der eit taulag får prøve enkel isklatring (dei som vil), medan den andre gruppa går lenger opp i breen for å utforske ulike breformasjoner. Vi vil totalt gå 150 – 200 høgdemeter i blåisen i eit svært rolig tempo. Turen passar for alle over 12 år.
Etter lunch bytter gruppene, slik at begge grupper får prøve isklatring og utforske breen.
Det er viktig å ha med seg godt med kle på ein tur i blåisen. Lue, hanskar, solbriller og solkrem er obligatorisk. Gode fjellsko er og viktig. Om du har er det lurt å ha ein sekk med hemper/fester til isøks mm, sekken kan godt ha plass til litt utstyr.
Vanligvis vil turen tur/retur Sandane ta ca 10 timar.
Det er max 20 deltakarar på denne turen.
Påmelding via mnt.dnt.no. Turen er gratis for medlemmar, kr 200 for andre. Betaling via vipps/bankoverføring. Vippsnr 519675 ktonr 3705 35 08228.
Kontaktperson og turleiar er Steffen Sandene, tlf. 91558465.