Men korleis kan ein reklamera for ein blåtur? Det er jo ikkje mogleg å fortelja om innhaldet! MEN, da me kan sei, er at da blir løje, og at du får godt selskap.
Arrangementet er gratis for alle, så inviter gjerne med potensielle alumnar ❤Likavel er det nokre praktiske opplysingar som de må vita om.
Me treffest kl 1230 på Bergen busstasjon.
Du må ha med: Godt humør og eventyrlyst! Pass, klede etter vêret, solkrem, badetøy, gode sko å gå i. Det kan ogso vera ein fordel med gulfebervaksine, men det pleier å gå bra uten. Noko godt å sitja på, kniv, i tilfelle landevegsrøveri, kald drikke, potensiell kryssing av ørken.
Påmelding til Andreas Ølvestveit på tlf 941 96 865 eller andreas.olvestveit@4h.no. Send med eventuelle allergiar!