Go Norsk Friluftsliv to main content
10. May 2026

Der ingen skulle tru: Dagstur Ortnevik - Sylvarnes langs veglause strender

Mer informasjon
Der ingen skulle tru: Dagstur Ortnevik - Sylvarnes langs veglause strender
IconSted
Høyanger
Icon Tid
Kl. 09.15 - 16.45
Icon Arrangør
Nordhordland Turlag
Icon Kontaktperson

Velkommen med på tur! Dette er en av de mest populære turene vi arrangerer. 

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu - ein nydelig tur langs Sognefjordens bredde i mai med grøne lier og snødekte fjell. Ein flott, lang dagstur med historisk sus og nydelege kulturlandskap.

NB, NB: Om turen blir fulltegnet, sett deg gjerne på venteliste da det kan bli økt deltakerantall om det er ledig kapasitet på båten. Det avgjøres når det nærmer seg tur. 

Oppmøte: Søndag 10. mai seinast kl. 09.15 i Ortnevik

Oppmøtestad: Ortnevik kai. God parkering ved oppmøtestad. 

https://kart.finn.no/?lng=6.13195&lat=61.11320&zoom=18&mapType=normap&markers=6.13197,61.11328,r,Brukerdefinert 

Skildring av turen:

Vi planlegg å gå turen frå Ortnevik til Sylvarnes. Retur med skyssbåt frå Sylvarnes. Turen er ca 12. km. Me vandrar forbi veglause og mange nedlagte gardar. På Sylvarnes bur det folk fast, medan fleire av gardane er godt haldne som fritidsbruk. Gårdsbrukene ligger jevnt fordelt langs stien. Kroksnes, Nybø, Alrek, Slåttene, Vetlesand, Stavedalen, Indrebø, Hanekamb og Sylvarnes.

Turen er gradert som middels krevjande (ikkje lett eller middels) og er meir krevjande enn det mange tenkjer når vi skal gå langs ein fjord. Turen går dels på sti, dels på traktorveg, og dels på steinete og ulendt trakk, opp og ned heile dagen. Nokre bergknausar skal klyvast ned og opp, og elvar skal kryssast. Ein bør difor vere vant med å gå i ulendt terreng og vere ute på tur ein heil dag. Dette er såleis turen for deg som likar å gå dagsturar i kupert terreng og bære ein liten dagstursekk med god niste og ekstra klær. Høgste punkt på turen er på garden Hanekamb på ca. 150 moh og Alrek på ca. 120 moh.

Gangtid er ca. 6 timar + pausar og historieformidling. 

Alle deltakarane pliktar å følgje turleiarane sine instruksar. Spesielt elvekryssingar skal styrast av turleiarane. Finveret gjer at snøsmeltinga i fjellet er stor om våren, og mange av bekkane og elvane er gjerne vassrike.

Mat: Ta med næringsrik niste, drikke og noko godt attåt.

Utstyr: Gode, stabile tursko/fjellstøvlar, egna og varmt tøy.

Pris: kr 375,- for medlemar, kr 525,- for ikkje-medlemar. Du betalar for turleiing, organisering, sikkerhetsutstyr og båttransport. Avmelding innan 31. mars gjev refundert deltakarvgift med frådrag av eit bankgebyr. NB. Ved avmeldingar etter 31. mars 2026  vert deltakeravgifter ikkje refundert. Alle avmeldinger skal sendast til nordhordland.turlag@dnt.no

Du må sjølv syte for å komme til Ortnevik kai, og du må vere tidleg ute med å finne parkering til bilen. Parkering i Ortnevik kan skje ved kyrkja, kaien, butikken og der de ser at det ikkje er på privat grunn eller til hinder for nokon. Du må ha god tid til parkere og kome på plass på kaien seinast 09.15. Vi er eit stort turfølge. 

Frå Knarvik følg E39 nordover til Oppedal. Videre til Ortnevik. Alternativt E39 til Matre, så videre til Stordalen og over fjellet ned til Bjordal. Derfra videre mot Ortnevik. Turen via Oppedal har best veg, men turen over Stordalen tar omlag 10 min kortare tid om den er sommeråpen 10. mai. 

Hund kan ikkje vere med på turen!

Velkommen til ein nydeleg og interessant søndagstur!

NB. Vi gjer merksam på at turopplegget kan bli endra pga vertilhøve eller båttransport. 

Turleiarar: Merete Ytreøy(hovudturleiar), Renate R. Matre, May-Lisbeth Hetlevik, Johan Anders Vik og Evy Dame

Inspirasjon:

BT artikkel: Den siste bonden på Sylvarnes

NRK: Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Icon Oppmøtested