Go Norsk Friluftsliv to main content
26. juli 2025

Dronningstien via Husedalen og Stavali turisthytta

Mer informasjon
Dronningstien via Husedalen og Stavali turisthytta
Icon Tid
Icon Arrangør
Odda/Ullensvang Turlag
Icon Kontaktperson

Meld deg på og bli med oss på den finaste turen Vestvidda har å by på. Her får du Husedalen, Stavali turisthytta, Hardangervidda vest og Dronningstien på ein og same tur. Ein skikkelig opplevelsestur i vill, vakker og hemningslaus natur med spektakulære fossefall og panoramautsikt på den frodigaste delen av Hardangervidda. Ta med fotoapparatet for denne turen er spekka med fantastiske motiver.

Trasè: Husedalen - Stavali - Dronningstien - Røte/Kinsarvik

Oppmøte: På parkeringsplassen i Husedalen kl 0900. Me startar å gå ca kl 0930.

Transport: Privat transport til/frå parkeringsplassen i Husedalen. Me oppfordrer til samkøyring og me prøver å ordne det slik at det blir enkelt og komme seg tilbake til bilen i Husedalen enten med shuttlebuss eller om nokon parkerer ein bil på Røte. Utgift til parkering eller shuttlebuss er ikke med i turprisen.

Turleiar: Denne turen har turleiarar som guidar deg trygt og godt over vidda. Turleiarar på denne turen er Ragnhild Haugse, Suzana Beatrice Heisler og Annette Horne. Turleiarane er frivillige og har god erfaring med fellesturar i høgfjellet.

Krav til deltakar: Du må være i god fysisk form og vant til å gå lange dagsetappar i høgfjellet med ein sekk på 12-15 kg. Du skal gjere deg kjent med våre retningslinjer, vilkår og avbestillingsregler og me oppmodar alle om å ha reiseforsikring.

Når du melder deg på turen bekrefter du at du har lest og akseptert vilkårene for deltakelse på turer og aktivitet i regi av DNT - DNT og at du har lest og sett deg inn i Bergen og Hordaland Turlag (BHT) sin viktige informasjon til deltakar https://www.bergenoghordalandturlag.no/viktig-informasjon-turdeltakere/. Odda/Ullensvang turlag (OUT) er eit lokallag under BHT og me forheld oss til BHT sine vilkår og informasjon i forhold til turar, aktiviteter og arrangementer i regi av OUT.

Hugs å gi beskjed om allergiar med tanke på mat og eventuelle andre ting me bør vite om.

Turen: 
Lørdag: Alle møter ved parkeringsplassen i Husedalen seinast kl 0900. Me følger vegen inn til Karftastasjonen, herfra følger me stien opp langs elva for å komme så nær fossane som mogleg. Me bruker god tid oppover slik at alle får tatt dei bildene dei ynskjer. Turen opp er krevande og bratt første delen opp til toppen av Reinsbrekkene, men absolutt verdt alt slitet. Andre delen går i høgfjellsterreng frå Viersdalen og inn til hytta. 
Turen er ca 14 km lang med ein stigning på rett i overkant av 1000 høgdemeter. Me reknar med å bruke rundt 7 timar opp. 

Vel framme på hytta et vi middag og nyt kvelden. Etter middag vil det verta foredrag med Johannes Sekse. 

Søndag: Me starter dagen med frokost, nistesmøring og termosfylling før me tek fatt på etappen over mot Lofthus og ned Dronningstien. Turen går først i kupert høgfjellsterreng før ein startar nedstinginga frå Duk til Røte. På turen får du oppleve den håndmurte brua over Breiåna, trappene i Myrtakleiv, du vil sjå Hårteigen i det fjerne om været er bra og du får panoramautsikt over fjord og fonn når ein kjem inn på Dronningstien. 
Turen er ca 28 km og me reknar med å bruke 9-10 timer på turen. 

Informasjon om heile turen og nærmere turbeskrivelse finn du her https://ut.no/turforslag/1112156431/dronningstien-via-husedalen-og-stavali-turisthytte-2-dager

Dette må du ha med på turen: Pakk sekken så lett som mulig og uten for mykje unødvendig last. Bruk DNT si pakke liste for sommarturar som eit utgangspunkt https://inspirasjon.ut.no/fjellvett-sikkerhet-utstyr/pakkeliste-for-sommerturen/100776. Hugs drikkeflaske, snacks, solkrem, solbriller og evnt brødmat om du ynskjer dette.

Me gjer særskildt oppmerksom på at alle må ha med solkrem med høg faktor og myggmiddel, lakenpose eller eige sengetøy samt kle og sko etter vær og føreforhald. Hugs at været skiftar fort i fjellet. Niste til fyrste dagen må du ta med sjølv. Pengar eller bankkort, innesko og stavar kan også være lurt å ta med.

Drikke utanom det som naturleg tilhøyrer frokostenbuffeten må kvar ein enkelt ha med sjølv. 

Pris og påmelding: Digital påmelding. 
Medlem: kr 1600,- 
Ikkje medlem: kr 2500,- 

Bli medlem i DNT og støtt det viktige og frivillige arbeidet med blant anna merking av stiar, vedlikehald av hytter, naturvern samt turar og aktivteter.

Turpakken inkuderer: Overnatting, turleiarar samt alle måltider. Me gjer oppmerksam på at fyrste dag er det kun middag som er inkludert og siste dag er det kun frokost, niste og termos som er inkludert. 

Køyring med privatbilar eller offentleg transport til og frå oppmøtestad kjem i tillegg. Det samme gjer transport frå Røte til Husedalen når me kjem nedatt.

Avmelding: Avmelding skal skje skriftlig i e-post til odda-ullensvang.turlag@dnt.no

Antall deltakere: Maks 12 stk (12 deltakere og 3 turleiarar)

Informasjon og eventuelle utfyllande opplysningar vil bli sendt alle deltakarar etter at påmeldingsfristen er gått ut. Ta kontakt med turleiar om du har spørsmål til turen.

Me tek atterhald om vær og føre. Turen kan verte avlyst eller endra på kort varsel dersom værmeldingane tilseier det.