Go Norsk Friluftsliv to main content
05. aug. 2025

Elsykkeltur på Stølsvidda, Vaset – Grønsennknippa rundt

Mer informasjon
Elsykkeltur på Stølsvidda, Vaset – Grønsennknippa rundt
IconSted
Icon Tid
Kl. 10.00 - 15.00
Icon Arrangør
DNT Valdres
Icon Kontaktperson

Bli med på ein minneverdig tur rundt Grønsennknippa og opplev vakker og variert natur frå sykkelsetet.

Dette er ein tur for deg som har elsykkel og ønskjer å oppleva vakker utsikt mot Jotunheimen og fjell i Hemsedal, Vestre Slidre og Vang, idylliske Jaslangen og andre stølslag rundt Grønsennknippa.

Vi startar syklinga ved parkeringsplassen ved Sekskanten ved Vaset bru., følgjer Panoramavegen i slak stigning ca 5 km til toppen av vegen. Der er det flott utsikt mot m.a. Jotunheimen.

Så rullar vi i jamn utforbakke ned til innsjøen Rennsenn. Eit stykke nedanfor der tar vi inn på Jaslangvegen. Ved Buaråne stig vegen til dels bratt forbi stølane Jaslangen og Grønsennstølane der vi kanskje kan kjøpa mat på ein kafe der. Eit stykke ovanfor Grønsennstølane når vi høgaste  punktet på turen, ca. 1000 m.o.h. Her ser vi bort på Grønnknippa (1368 m.o.h.).  Så går turen i lange utforbakkar ned mot Nørdre Trollhovd før vi svingar innpå Murkelivegen og passerer Murkelie og Revshalen før vi er tilbake på Vaset.

Turen er ca. 35 km lang og går på god grusveg. Det er mange lange stigningar og bratte utforbakkar. Ta med ekstra sykkelslange, sykkelpumpe og lappesaker. Hugs sykkelhjelm og refleksvest. Hugs også å ha fullada batteri som greier så lang tur. Vi syklar på trafikkert veg. Hald god avstand slik at det ikkje oppstår farlege situasjonar i møte med bilar. Ver forsiktig der det er laus grus i vegbana / vegkantane. Store deler av turen går i opent lende, kle deg difor godt og ta med rikeleg med mat og drikke. Det blir fleire pausar under vegs. Du må vera i god fysisk form.

Det er oppmøte på Shell på Fagernes kl. 09.00. Dei som ønskjer å slutta seg til andre stader, avtalar det med turleiaren når dei melder seg på.

Du er med på turen på eige ansvar. Vi er 2 turleiarar, ein syklar fremst og den andre sist, og vil gjera turen så trygg og hyggeleg som mogeleg.

Påmeldingsfrist: Seinast 3. august kl. 18.00 enten digitalt eller på sms til Bjørn Vegard Johnsen på tlf. 48142002

 Kart: Vestre Slidre turkart 1: 50 000 Vestre Slidre fjellstyre

Turleder 1

Bjørn Vegard Johnsen

48142002

Turleder 2

Gunnar Modén

92425919

 

Navn

Telefon

Icon Oppmøtested