Go Norsk Friluftsliv to main content
02. aug. 2025

Eventyrlege Stølsdalen og Ormelid

Mer informasjon
Eventyrlege Stølsdalen og Ormelid
IconSted
Luster
Icon Tid
Icon Arrangør
Nordhordland Turlag
Icon Kontaktperson

Nordhordland Turlag inviterar til ein spennande tur i eit nydeleg landskap med interessant kulturhistorie i indre Sogn/Jotunheimen. Dette er snop for den som er fasinert av høgdegardar, ferdselsvegar og stølslivet.

Turen går frå Turtagrø til Stølsdalen med overnatting i telt, og videre til Øvstestølen, Nedstestølen og Ormelid Gard. 


Dato: Laurdag 2. august -  søndag 3. august 2025

Oppmøte: Fredag 1. august kl. 20.00 ved Nymoen Leirplass i Skjolden.


Fredag 1. august: Nymoen Leirplass - Camping i Skjolden.

Vi ønskjer at turfølget møtast i Skjolden kvelden før vi fer avgarde. Du må sjølv ordne overnatting her. Turleiarane tek i mot folket frå kl. 20.00.


Lørdag 2. august: Skjolden - Turtagrø - Stølsdalen

Vi tek Fjellbussen kl. 09.50 frå Skjolden til Turtagrø. 

Fotturen starter på Turtagrø og vi har ein nydeleg tur på 9,3 km fram til Stølsdalen. Terrenget, landskapa og stølsvegane er mjuke og fine for fjellvante turfolk. Eit parti er gradert som svært krevjande når vi skal gå ned eit kronglete og svært urete parti, ca. 30 min, på veg ned i skaret i Stølsdalen. Venta gåtid utan pausar: 4 timar

Overnatting og felles tre rettes middag ved Stølsdalen turisthytte, som opprinneleg er ei seter til Ormelid. Stølsdalen turisthytte har få sengeplassar så vårt turfølge må ha med telt og utstyr til å overnatte i telt. 

Turleiarane vil organiserer ein felles treretters middag!


Søndag 3. august: Stølsdalen - Ormelid - Fortundalen - Skjolden

Denne dagen byr på ein spektakulær tur med ein iten oppstigning før vi ser ned i Fortunsdalen. Det ber bratt nedover (men ikkje luftig) i Bjørnestigen til Øvstestølen, og videre til nyrenoverte Nedstestølen og Ormelid. Når vi kjem ned på stølsbøane ser vi ein frodig flora.

Vel framme til Ormelid vil vi få omvisning og historieformidling av Vennelaget Ormelid Gard. Dei har sidan 2018 gjennomført eit omfattande restaureringsarbeid.

Ormelid er ein freda høgdegard i Fortunsdalen og tunet på Øvrelid ligg om lag 450 meter over havet. Ein gard med mykje spennande historie, eit fantastisk gardstun og kulturlandskap og eit rikt biologisk mangfald 

Riksantikvaren: Den tidlegaste tida det var drift på Ormelid er dokumentert gjennom arkeologiske funn som ein har kunna datere attende til år 2465 før Kristus. Ormelid er det eldste fleirstølsbruket som er kjent i Noreg. To av stølane er tidfesta til overgangen mellom vikingtida og middelalderen.

Når besøket på Ormelid er gjort, går vi ned i Fortunsdalen. Her vert vi henta av felles transport som køyrer oss tilbake til Skjolden. På Nymoen Leiarplass kan vi låne sanintær og dusjanlegg før heimturen startar.

Ca. 8 km og 4 timars gåtid (utan pausane).

Lese ein nydeleg turartikkel om denne dagsetappen i lenka her.


PRAKTISK INFORMASJON

Gradering av turen: Krevjande. Det er viktig at du setter deg inn i graderingen på turen. Les mer om gradering av DNT-turer her. 

Krav til deltakar:  Du skal lese turomtalen og informasjon her nøye og vere førebudd i samsvar med det. Setje deg inn i generelle vilkår for fellesturar - lese her i lenka.

Dersom du må melde deg av turen, skal du melde det til nordhordland.turlag@dnt.no. Melder du deg av innan 10. juli 2025 får du att heile påmeldingsavgifta. Melder du deg av frå og med 11. juli 2025 vert påmeldingsavgifta ikkje refundert. Ved sjukdom må du bruke reiseforsikring for refusjon av utgifter.

Transport: Kollektiv transport er mogleg å bruke til/frå Skjolden. Dersom du brukar eigen bil til Skjolden og kan ta med andre deltakarar, er det fint om du gjev det opp i påmeldinga. I såfall vil turleiarane kunne koordinere transport til Skjoden så langt det er mogleg å løyse, men i utgangspunktet er det deltakarane sitt ansvar å møte opp i Skjolden. Deltakarane må betale sjåføren for samkøyringa (ikkje del av påmeldingsavgifta).

Påmeldingsavgifta dekkjer fjellbussen Skjolden - Turtagrø (lørdag), og felles transport Fortundalen - Skjolden (søndag).

Overnatting, utstyr og mat: Deltakarane må ta med telt, liggeunderlag, sovepose, kopp, fat og bestikk. Vi brukar utstyr og proviant frå Stølsdalen turisthytte. Du må ta med niste til heile helga.

I påmeldingsavgifta er det dekka treretters middag i Stølsdalen. Gje opp under påmeldinga om du har allerigiar vi må vite om til middagen. Nokre av deltakarane må ha plass til noko lite av fellesgodset i sekken sin.

Vi skal på tur i høgfjellet og må pakke deretter. Du må ha på/ med: Vindtette og vasstette yttertøy, varmeisolerende mellomlag og ull innerst. Hue og votter må med i sekken. Sjekk værmeldinga før du pakker sekken og kler deg. Det kan bli fint vær og då må vi ha med solkrem og solbriller. Her er nyttig pakkeliste for sommerturer. 

Pris: kr 850,- for medlemar og kr 1250,- for ikkje-medlemar

Prisen inkluderar: Fjellbuss Skjolden - Turtagrø, felles transport Fortundalen - Skjolden søndag, trerettars middag, omvisning på Ormelid, kaffi/te, proviant på Stølsdalen turisthytte, turleiiing og sikkerheitstutstyr. 

Bli medlem få rabatt – les mer om medlemskap og meld deg inn.  

Turleiing: Turen vert leia av turleiarar som har solid turerfaring og har gjennomført DNT-turleiarkurs. Turleiarane i DNT får ikkje løn for turar dei leiar, men gjennomfører sine oppdrag som frivillig arbeid. Påmeldingsavgifta dekker turleiar sine kostnader ved oppdraget t.d.transport, mat og overnatting, og kompetanseheving som skredkurs, turleiarkurs og førstehjelpskurs. Turane vert til på grunn av frivillige si glede med å ferdast i naturen og vilje til å gje andre gode naturopplevingar.

Turleiarar for turen er Kjell Ove Thorseth og Jane Britt Daae.

Sikkerhet: Vi har risikovurdert turane og aktivitetane og jobber kontinuerlig med å redusere risikoen for alvorlege skader og ulykker på våre turar. Likevel vil det alltid være ein risiko ved å ferdes i vår natur. Deltakarane må lese all informasjon nøye: Turomtale,  viktig informasjon til turdeltakarane og generelle vilkår og vurdere tur etter evne

Turkart: Hurrungane (2011) 1:25 000, Breheimen (2010) og Jotunheimen Vest (2011) 1:50 000 og Breheimen (2008) og Jotunheimen (2008) 1:100 000 fra Nordeca og Jotunheimen (2009) 1:100 000 fra Cappelen Damm


Icon Oppmøtested