Velkomen til til å ta sundagsturen innom familiedag i Titteråsen mellom Øystese og Soldal. Her vert det natursti, leselavvo, hinderløype og andre aktivitetar.
Aktivitetane er tilpassa barn, men me håpar folk i alle aldrar kjem innom og nyt våren saman med oss denne sundagen. Det vert enkel servering. Arrangementet er gratis og krev ikkje påmelding.
Oppmøtested
Det vert ikkje felles gange inn til Titteråsen, du går inn sjølv enten frå Kyrhagen, opp skogsvegen frå Soldalsvegen eller frå Teigland. Ca 1 km enkel tur.