Har du lyst på ein triveleg kveld med gode folk, god stemning og spanande brettspel? No inviterer DNT til fast brettspelkveld kvar siste mandag i månaden på Storlihytta!
Vi stiller med eit breitt utval av brettspel, flotte spellokaler og eigen spelansvarleg som hjelper deg i gang. Kvar kveld har og sitt eige brettspeltema, der vi løftar fram eit utvalt spel som du kan lære frå botnen av, eller briljere endå meir i. Du får ein grundig introduksjon, og vi speler det saman for dei som vil fordjupe seg litt ekstra. Perfekt både for nybyrjarar og dei som er ekstra drevne og har lyst å briljere. Innspel til "månadens brettspel" tas i mot med takk!
Kvelden er open for alle som har lyst til å spele. Ta med vener, naboar, studiekameratar eller kom åleine. Her er terskelen låg og stemninga høg. Alle er hjarteleg velkomne!
Felles avmarsj
For dei som vil gå saman opp til hytta, blir det felles avmarsj frå Grua (Trailhead to Varden) kl. 18:00. Sjølve Kvelden byrjar 19:00 på Storlihytta.
Program
18:00 – Felles avmarsj frå Grua
19:00 – Spelkvelden startar på Storlihytta
Når vi er ferdige – Felles avmarsj ned igjen til Molde for dei som ønsker å gå saman
Pris og inkludert
Pris: 50kr medlem/ 75 kr ikkje medlem. Dette inkluderer brettspela på Storlihytta og introduksjon til månadens speltema. Det vert enkel servering på Storlihytta gjennom kvelden.