Drøymer du om ei hausthelg i fjellet? Har du tenkt at det kan være kjekt å delta på fellestur men er usikker på om du klarer å følge tempo i gruppa? Då er dette turen for deg! På denne turen går me i rolig tempo og tar oss god tid! Me vil også ha fokus på kva ein skal og bør gjere både når ein kjem til, og når ein forlet ei turlagshytte.
Oppmøtestad: Togstasjonen på Dale
Oppmøtetidspunkt: 15.15
Avreise: Kl 15.30 Me køyrer privat biler til Hamlagrø. Gje beskjed ved påmelding om du kan køyre og kor mange du har plass til.
Turskildring:
Dag 1: Turen startar på Hamlagrøosen. Me går flatt innover til Lii før me tar fatt på oppstigninga. Fyrst litt bratt, deretter jamn stigning oppover Heiane i eit par kilometer før me krysser over Langagjelet og tar fatt på ei ny kneik. Etter denne kneika bikker me toppunktet for dagens etappe og me kan sjå ned til Vending. Me har ein liten kilometer i nedoverbakke til me er ved hytta. Dagens etappe går på god, t-merka sti. Den er omlag 6,5 kilometer og 450 høydemeter. Me tar gode pauser underveis og reknar med å bruke 3,5 timer inn til hytta. Innlosjert i hytta fordeler me ulike oppgåver, lager felles middag og hygger oss i lag.
Dag 2: Etter frukost og utvask av hytta tar me fatt på dagens etappe opp til eventyrlege Breidablik. Dette er ein etappe som ikkje er meir enn 4 kilometer i distanse. MEN; me skal opp Glyntabakkane! Me går på T-merka sti forbi Vendingstjørn og vidare forbi Solheimsdalsvatnet. Når me har passert Solheimsdalsvatnet etter omlag 2 kilometer i lett terreng, nærmer me oss foten av dei berykta "Glyntabakkane". Her skal ein opp 250 høgdemeter fordelt på ca 1 km. Til gjengjeld ser ein hytta når ein er komme på toppen, og det er berre sjarmøretappen att før ein er framme. Dagens etappe er som nemnt omlag 4 kilometer, og me skal opp 350 høgdemeter, der me tar dei siste 250 høgdemetrane i eit jafs på siste del av turen. Sjølv om etappen ikkje er så lang, tar me oss god tid med gode pauser underveis.
Etter innlosjering, fordeling av oppgåver og ein liten matbit i hytta, blir det ein tur opp på Geitafjellet for dei som ynskjer det. Her kan ein nyte ein nydelig solnedgang med fantastisk utsikt i alle himmelretninger.
Me lager felles middag i kveldinga.
Dag 3: Etter frukost smører me niste før me tar utvask og startar på returen til Hamlagrø. Me følgjer t-merka sti ned gjennom Tulledalen til idylliske Søre Hamlagrø, og vidare langs Hamlagrøvatnet tilbake til Hamlagrøosen. Også i dag tar me oss tid til gode pausar undervegs. Turen går i lett kupert terreng og nedoverbakke. Denne ruta er på drøye 11 km. Me skal ned 500 høgdemeter fordelt på dei seks fyrste kilometrane. Dei fem siste kilometrane går på sti langs Hamlagrøvatnet.
Mat: Det er proviantlager på hyttene, så me lagar felles middag ut frå dette både fredag og laurdag. Det er inkludert i prisen. Her er det også diverse pålegg og knekkebrød. Ynskjer du anna brødmat, f.eks til niste lørdag og søndag, må du sjølv ta dette med deg. Ta med snacks og drikke etter eige ynskje.
Heimreise: Ein reknar med å vere tilbake på Hamlagrøosen til kl 16.
Utstyr: Sjølv om vêrmeldingane er gode, er det naudsynt med noko utstyr på turar i dette terrenget. Kle deg fornuftig med gode fjellsko. Pakk ein sekk med:
Krav til deltakarar: Du må kunne bere ein sekk på 10-12 kg og gå jevnt og trutt oppover og nedover med oppakning. Dette er ein ferskingtur, og me kjem til å holde eit roligare tempo enn ein gjer på andre turer. Er du ein person som liker å gå fort og ha minst mulig stopp når du er på tur er dette ikkje turen for deg!
Overnatting: Vaksdal Turlag har booka senger på hytta. Desse er på fleirmannsrom og ein må vere budd på å dele rom med andre deltakarar.
Pris inkluderer: Turleiing av DNT-godkjente sommarturleiarar, tryggleiksutstyr, felles middag, overnatting, frukost og lunsj frå proviantlageret på hytta.
Turleiing: Turen vert leia av turleiarar som har solid turerfaring og har gjennomført DNT sin turlederkurs stige. Turleiarar er ikkje profesjonelle i den forstand at turane vert utført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guide. Dei vert utført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen og av å ta med andre på sine opplevingar.
Tryggleik: Turane til Vaksdal Turlag blir risikovurdert av turleiarane. Til tross for gjennomført risikovurdering og risikoreduserande tiltak, fins det alltid ein restrisiko ved å ferdast i norsk natur.
Kart: Kart og turutstyr kan kjøpast hos Tursenteret i Marken. Rabatterte prisar for medlemmer.
Generelle vilkår ved påmelding: Les gjeldande vilkår her; Vilkår for deltaking på turer i regi av DNT. Den Norske Turistforening (dnt.no). Ver særskilt merksam på kva som gjeld i høve avmelding.
Meld deg inn som DNT medlem her: Bli medlem i DNT
Turleiarar: Maren Amanda Thorkildsen og Ingrid Næss
Turleiarane tar kontakt med alle påmeldte 4-7 dagar før turen.
Spørsmål?
Ta kontakt med vaksdal.turlag@dnt.no eller på tlf. 92049856