Har du lenge gått med ein draum om å vandre i vakker vestlandsnatur? Har du tenkt at det kan vere kjekt å delta på fellestur, men er usikker på om du klarer å følge tempo i gruppa? Då er dette turen for deg! På denne turen går me i rolig tempo og tar oss god tid til å nyte undervegs. Me vil også ha fokus på kva ein skal og bør gjere både når ein kjem til, og når ein forlet, ei turlagshytte.
Oppmøtestad: Togstasjonen på Dale
Oppmøtetidspunkt: 11.20 (tog frå Bergen 10:35)
Avreise: Kl 11.30 Vi køyrer privatbilar til Berge (om lag 20 min køyring frå Dale). Gje beskjed ved påmelding om du kan køyre og kor mange du eventuelt har plass til.
Turskildring:
Dag 1: Turen startar på Berge i Bergsdalen (500 moh). Vi startar i roleg tempo i nokså bratt terreng oppover til Skarvadalen. Her i frå går det i slak stigning innover til Skarvavatnet som ligg 765 moh. Denne strekninga er om lag 2 km. Ved vatnet tar vi ein pause og nyt det frodige og vakre landskapet før vi dreier i nordvestleg retning mot Øyadalen. Vi følgjer dalen mot sør-aust i slak stigning eit par kilometer før vi ser Tjørnadalsvatnet som ligg nedom Høgabu. Hytta ligg 900 moh. Totalt er turen på kring 6 km og 400 høgdemeter. Vi går på god sti heile vegen og terrenget er "snilt" å ferdast i.
Sommar på Høgabu
Etter innlosjering, fordeling av oppgåver og ein liten matbit i hytta, blir det topptur til Bergsbukken (1162 moh) for dei som ynskjer det. Denne turen tar omlag éin time opp og 45 minuttar ned. Her kan ein nyte ein fantastisk utsikt i alle himmelretningar. Anbefalast!
Bergsbukken 1162 moh
Vel tilbake på Høgabu lagar vi ein velfortent trerettars middag ut i frå proviantlageret på hytta. Dette blir eit ekte DNT-måltid! Etter middag er det sosialt samvær med kos, leikar og spel for dei som vil. NB! Det er ikkje mobildekning på hytta (ein må gå om lag 15 min for å få dekning).
Dag 2: Etter frukost og utvask av hytta, tar me fatt på heimturen ca kl 10.00. Planen er å gå ein litt annan trasé enn dagen før, men kjem etter kvart ned til Skarvavatnet. Her i frå følgjer vi same sti som vi gjekk opp. Lengden på turen er om lag den same som turen opp.
Utsikt mot Skarvavatnet og Steinafjellet
Mat: Middag laurdag og frukost og lunsj søndag er inkludert i prisen. Det er eit rikt utval av proviant på hytta, mellom anna knekkebrød, pålegg, havregraut og pannekaker. Dersom du vil ha brødmat, må du ha med dette sjølv. Ta med god nistepakke til turen laurdag og snacks til kveldskosen.
Heimreise: Vi reknar med å vere tilbake på Dale kl 15.30. Tog frå Dale til Bergen kl 16.00.
Utstyr: Sjølv om vêrmeldingane er gode, er det naudsynt med noko utstyr på turar i dette terrenget. Kle deg fornuftig med gode fjellsko. Pakk ein sekk med:
Ikkje fyll sekken med meir enn det du treng!
Krav til deltakarar: Du må kunne bere ein sekk på 10-12 kg og gå jevnt og trutt oppover og nedover med oppakning. Dette er ein ferskingtur, og me kjem til å halde eit roligare tempo enn ein gjer på andre turer. Er du ein person som liker å gå fort og ha minst mulig stopp når du er på tur, er dette ikkje turen for deg!
Overnatting: Vaksdal Turlag har booka senger på hytta. Desse er på fleirmannsrom og ein må vere budd på å dele rom med andre deltakarar.
Pris inkluderer: Turleiing av DNT-godkjente sommarturleiarar, tryggleiksutstyr, felles middag, overnatting, frukost og lunsj frå proviantlageret på hytta.
Turleiing: Turen vert leia av turleiarar som har solid turerfaring og har gjennomført DNT sin turleierkursstige. Turleiarar er ikkje profesjonelle i den forstand at turane vert utført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guide. Dei vert utført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen og av å ta med andre på sine opplevingar.
Tryggleik: Turane til Vaksdal Turlag blir risikovurdert av turleiarane. Til tross for gjennomført risikovurdering og risikoreduserande tiltak, fins det alltid ein restrisiko ved å ferdast i norsk natur.
Kart: Kart og turutstyr kan kjøpast hos Tursenteret i Marken. Rabatterte prisar for medlemmar. Det vert høve til å få innføring i grunnleggande bruk av kart og kompass på turen.
Generelle vilkår ved påmelding: Les gjeldande vilkår her; Vilkår for deltaking på turer i regi av DNT. Den Norske Turistforening (dnt.no). Ver særskilt merksam på kva som gjeld i høve avmelding.
Meld deg inn som DNT medlem her: Bli medlem i DNT
Turleiarar: Arild S. Soltvedt og Elizabeth Gjessing
Turleiarane tar kontakt med alle påmeldte 4-7 dagar før turen.
Spørsmål?
Ta kontakt med vaksdal.turlag@dnt.no eller på tlf. 97141631