Skituren til Blegja 1305moh går frå Bygstad/Skaraly.
Vi startar frå parkeringsplassen på Nygjeldshaugane, 400 moh ovanfor Bygstad kl 0830. Håpar å kunne starte med ski på beina med det samme, vist lite snø må vi ta skia i sekken oppover i stien mot dagsturhytta Skaraly. Vi brukar ein god time opp dei fyrste 300 høgemeterane i eit ganske så skrått terreng opp til hytta.
Frå hytta og ut til toppen er vi garantert komne i flott omgivelser for fjellskiaktivitet. Når vi nærmar oss toppen passerar vi eit smalt parti, som kan verke litt utfordrande på enkelte.
Lengde: tur/retur er denne turen 22 km og kan kallast krevjande.
Tid: ein brukar 6 - 8 timar inkl. pausar. Sett av heile dagen til denne fine turen til Blegja 1305 moh.
Forutsetningar for deltakar: du bør ha god uthaldenheit og godt turutstyr. Hugs å ha med kort/langfeller til skia, god niste og solkrem.
Inga påmelding, direkte oppmøte ved parkeringsplass.
Alle som går på tur med DNT går på eige ansvar, sjå vilkår her
Turen går kun vist veiret er bra nok til å få ein god opplevelse, følg med på heimesida/Facebook.
Turleiar er Dag Tore Mjåseth, (tlf. 918 96 443) og Anita Rennestraum
#helgetur
