Go Norsk Friluftsliv to main content
22. aug. 2025

Fjellturhelg på Standal

Mer informasjon
Fjellturhelg på Standal
IconSted
Icon Tid
Icon Arrangør
DNT Sunnmøre
Icon Kontaktperson

DNT Sunnmøre inviterer til fjellturhelg på Kolåstindhytta. 

Kolåstindhytta ligg i eit hyttefelt på Standalseide, hytta har sengeplass til 11 personar. Dette er ei moderne hytte med oppvaskmaskin, vaskemaskin,  til og med tilgong til internett. Gode måltider samlar oss kring kjøkkenbordet, det deiligste er at oppvaskmaskina tek oppvasken. Å fyre i peisen på kvelden er kjempekoselig, og dei gode samtalane og historiene sitt laust når vi samlast i sofakroken, før ein finn senga på kvelden etter ein super dag ute i fjellheimen kring Kolåstindhytta. Kolåstindhytta ligg utruleg flott plassert rett under Kolåstinden, kongene av Sunnmørsalpene. Hytta er omkransa av magiske tindar og fjelltoppar. Kolåstindhytta er utgangspunkt for mange spanande toppturar, og kan nyttast som base både sommar og vinter. Du kan lese om Kolåstindhytta på Ut.no https://ut.no/hytte/101145540/kolastindhytta

Turbeskrivelse: Vi møtes ved parkeringa ned ved vegen klokka 1700, så går vi opp til Kolåstindhytta, her fordeler vi rom og oppgåver for helga. Samkøyring avtalast med dei som kjem frå same region i forkant, Turleiar følger opp. Møtested for parkering kan vere Solavågen fergekai. Kart over aktuelle områder, pakkeliste og proviantliste vil sendast ut etter påmeldingsfristen. 

Proviant: Alt av proviant må kjøpast inn for heile helga. frukost, lunsj, niste, snacks og middag, ein kan avtale felles middag både fredag og laurdag, eller at kvar einskild syter for seg sjølv? Dette avtalar vi nærare.

Fjellturer: Helga vert til medan den skrider fram, dette på grunn av at vêret kan være litt ustabilt. 

Laurdag: Nordre Sætretind - Vi går opp i  Kvanndalen, opp til vatnet, her dreier vi mot høgre, og går bratt opp på Nordre Sætretind, ned i Fladalen og tilbake til hytta.

Søndag: Fingern - vi  et ein god frukost, vaskar oss ut og tek turen til Fingeren, dette er ein fin og ganske lettgått tur, med spanande klyving opp til toppunktet. 

Alternativt kan vi gå på Sylvkallen, Nonshornet, Grøthornet eller Langnestinden. Vi kan også gå opp i Kvanndalskaret. Moglegheitene er mange.

https://www.dnt.no/turtips/turvett/artikler/pakkeliste-for-sommerturen/






Medlemmer i DNT støtter sin lokale forening i drift av hytter, ruter og aktiviteter for de aller fleste. Melder du deg inn, får du rabatt ved overnatting på alle DNT-hytter i Norge, på aktiviteter og i tur- og nettbutikk. Du får også friluftsmagasinet Fjell og Vidde 5 ganger i året og en rekke andre medlemsfordeler. Her kan du lese mer om medlemskap og melde deg inn.

Icon Oppmøtested