Turmål og oppmøtestadar 1) Veten | Nordfjordeid Felles oppmøte ved Eid stadion, kl. 11:00. Startpunkt: Hanshjellen parkeringsplass, kl. 11:30.
2) Naustalskamben | Dagturhytta Felles oppmøte ved Eid stadion, kl. 11:00. Startpunkt: Reset i Remmedalen kl. 11:30.
3) Hornelen Oppmøte ved Hunskår, kl. 09:00. Denne turen er svært krevjande. Les meir om den her: https://www.dnt.no/aktivitetskalender/?q=keipen&startdate=26.04.2025&enddate=26.04.2025
Turane er opne for alle og lagt opp slik at dei fleste kan vere med. Unntaket er Hornelen, som er ein krevjande tur. På dei andre toppane er det lagt opp til enkel tilkomst. Utstyr: Ta med deg mat og drikke, gode sko og kle deg etter véret. For meir informasjon: Søk opp turane på dnt.no/aktiviteter.
Røyksignala blir sende frå seks vetar som truleg har vore brukt som varslingspunkt i vikingtida. Frå midten av 900-talet og fram til 1800-talet vart det brent bål på vetetoppar for å varsle neste vete om fare. Første røyksignalet blir tent frå Veten på Nordfjordeid klokka 13:00.
– No er det historia og dei flotte turplassane våre som skal løftast fram for å skape ei felles oppleving ute i naturen. Dette er ikkje noko varsel om fare, men for oss som underviser i både vikinghistorie og friluftsliv er dette ei kjekk markering å stelle i stand saman med DNT sine lokallag, seier Silvia van Hesik Førde, rektor ved Fjordane Folkehøgskule.