Turen startar på Kvamme i Oldedalen (følg skilting frå Oldedalsvegen) herifrå går vi på god sti, men bratt til Kvammssetra innafor som ligg på 570 moh. God utsikt heile vegen.
Herifrå går vi bakover Kvammsdalen. Siste stykket mot platået er det bratt parti med nokre kjettingar.
Vel oppe tar vi ein god pause framfor hytta. Så ein tur innover platået for å sjå ned i Brenndalen. Retur samme veg. Turen opp tar ca 3 timar.
Oppmøte ved Strynehallen kl 08.30 eller ved Olden Skule 08.50
Det er påmelding via linken på heimesida. Ein får ei bekrefting på e-post når ein er påmeldt.
Turen er gratis for medlem i DNT/INT og koster kr 200 for ikkje medlemar. Ikkje betal før turen starter. Vipps 108817.