Nordhordland Turlag inviterer til helgetur andre helga i august kor me skal sjå og høyra om plantelivet i Stølsheimen. Kvifor veks desse plantene her – og kvifor veks det ingenting der? I fylgje med botanikar, lokal kjentmann og to turleiarar skal me vandra i Stølsheimen. Turen går på grensa mellom det fruktbare fyllitt-fjellet og den golde gneisen vestafor. Kanskje ser vi orkideen flekkmarihånd, brudespore om me er heldige. Eller kvitkurle og korallrot, og garantert grepplyng og moselyng, som er botanikaren sin favoritt.
Stor stas at kjentmann Nils Kvamme er med på turen. Han er svært godt kjent i Stølsheimen og har mykje å dele av kunnskap og historiar.
Oppmøte:
Parkering på Romarheim fredag 8. august 2025 kl.15.30
Skildring av turen:
Frå Romarheim vert me køyrt med leigebuss til Stølsdammen øvst i Modalen. Derifrå går turen i om lag tre små timar på steinsatt sti inn til idylliske Solrenningen turisthytte. Me har bestilt senger på den sjølvbetente hytta til Bergen og Hordaland Turlag. Det blir innkvartering og felles middag. Etter frukost går me laurdagen på fin sti nordover til Vøvringen der me dreier austover. Me skal stige bratt opp Urdanipa (1345 moh) før me dreier sørover og tek fjellet på langs. Mykje fjell og stein - og ei lita elvekryssing - før me stig nedover mot Åsedalen. Etter ein dagstur på om lag 6 timar tek me inn på turisthytta i Åsedalen. Den er og sjølvbetent og ligg flott til i eit gamalt stølsmiljø. Turen sundagen ender opp på garden Åse i Indrefjorden som har støl i Åsedalen. Stølsvegen gir oss nærkontakt med stølstradisjonen sjølv om stølinga no har opphørt. På vegen skal me passera stølen Rappen og dei såkalla Englandsøyane. Terrenget her har mykje å by på for dei som let seg fascinera av raviner og leikande vassdrag. Lettgått og overraskingar rundt kvar ein sving og kvar ein stein. Me reknar seks timar på turen.
Kart over turruter i Stølsheimen.
I Indrefjorden (Arnafjord) tek vi rutebuss kl. 17.15 til Vik. Båten frå Vik går kl 18.30 via Strendene til Ortnevik kl 19.20 er reine turistcruiset for dei som likar «Der ingen skulle tru…». Og me får sjå dei gardane som har stølane me var på dagane før. Leigebussen (frå fredagen) møter oss igjen i Ortnevik og tek oss til Romarheim kor bilane er parkert når me kjem om lag kl 20.30.
Det er ein ganske krevjande tur. Deltakarane må vera vande med å gå i ulendt og bratt terreng som det er noko av på deler av turen. I tillegg vert det sommaroppakning i ryggsekken med mat og drikke, utstyr og varmt tøy. Her finn du DNT si pakkeliste for sommarturar med overnatting i fjellet. Kvar deltakar vil også få litt av felles sikkerhetsutstyr, proviant og felles godis med i sin sekk. Turleiarane organiserer felles middager fredag og lørdag.
Stølsheimen og flora:
Stølsheimen landskapsvernområde skriv om plantelivet: "Store delar av Stølsheimen er fjellterreng der vegetasjonen er dominert av mose, lyng og låge busker, men innimellom kan du finne vakre fjellblomar som issoleie, raudsildre og fjellsmelle. Der stølsvollane blir haldne i hevd med beiting og slått, vil du finne eit variert planteliv og vakre og typiske engblomar som ryllik, blåklokke og engsoleie."
Pris: Påmeldingsavgift er kr 2100,- for medlemmer og kr 2600,- for ikkje-medlemar i DNT. I avgifta får deltakarane dekka buss (Romarheim-Stølsdammen og Ortnevik-Romarheim som koster 550,-), to overnattingar (Solrenningane og Åsedalen), to felles middagar (fredagskveld og lørdag), proviantuttak av pålegg og drikke å hyttene, turleiing, kjentmann og botaniker som formidler både ekte historier og historier som er hørt.
Utanom må du sjølv syte for: Transport til/frå oppmøtestad i Romarheim, brødmat for helga, betale billett ombord på rutebussen frå Indrefjorden - Vik og rutebåten Vik - Ortnevik, snacks og nødvendig personleg utstyr til turen.
Avmelding t.o.m 20. juli gir 100% refusjon av påmeldingsavgifta. Ved avmelding frå 20. juli t.o.m 1. august februar refunderast 50 % av påmeldingsavgifta. Ved avmelding seinere, eller dersom den påmeldte ikkje møter ved avreise, blir påmeldingsavgifta ikkje refundert. Deltaker må sjølv sørge for avbestillingsforsikring, gjennom reiseforsikring eller kortselskap. Denne gjeld ved sjukdom eller andre årsaker som hindrar deltaking. Avmelding skal meldast til e-post nordhordland.turlag@dnt.no.
Deltakerne blir kontakta av turleiarane nokre dagar før turstart. Turleiarane er Solfrid Hjelmtveit (botanikar) og Liv Anne Aanesen. Kjentmann er Nils Kvamme.