Fotturen langs veglause strender i Sogn er blitt ein tradisjonstur i Indre Sunnfjord Turlag. Turen byr på ei flott vandring i spektakulære omgjevnader i gamalt kulturlandskap.
Vi startar frå Sylvarnes i Vik kommune. For å kome dit vert det leigd båt frå Nordeide kai via Ortnevik til Sylvarnes - då får vi også ein flott båttur over Sognefjorden. Vi går på kupert sti av variabel kvalitet langs Sognefjorden til Ortnevik på Høyanger sørside. Lengd ca 13 kilometer og samla vil du ha gått 600 høgdemeter når turen er over.
Turen har fleire bratte og ulendte parti som kan vere krevjande om du ikkje er i god form eller van med å gå lengre turar i denne typen terreng.
Dette er ein middels lett tur, men du må vere i stand til - og motivert for - å gå ein kring seks timar lang tur, inkludert pausar, med tursekk. Hugs å ta med godt med mat og drikke for ein dag på tur. Det er råd å fylle på drikkevatn undervegs.
Vi vil stoppe ved nokre av dei ni gardane vi er innom. Dei fleste bruka er nedlagde, men mange av husa og tuna er godt vedlikehaldne. Berre på Sylvarnes er det fastbuande. Dette er såleis ei kulturhistorisk vandring i storslått natur.
Du kan sjå turbeskriving på UT (omvendt veg) og glede deg til turen.
Reisetider: Båt med avgang frå Nordeide kai kl. 09.00. Samkøyring frå Festplassen i Førde kl. 08.00. Tilbake tek vi rutebåten frå Ortnevik kl. 16.30 og er på Nordeide ca kl. 17. Tilbake i Førde kl. 18.00.
Du kan også møte direkte i Ortnevik, båtavgang derifrå ca kl. 09.20
Pris: 500,- medlem og 700,- ikkje-medlem. Dette inkluderer innleigd båt frå Nordeide til Sylvarnes, returbillett & turleiing. Ev noko tillegg for å dele utgifter til samkøyring (vipps direkte til sjåfør).
Praktisk informasjon (gjeld alle turar)
#helgetur