Go Norsk Friluftsliv to main content
02. aug. 2025

Fottur til Daurmål 1446 moh. Frå Årdal i Breim til Klakegg i Jølster.

Mer informasjon
Fottur til Daurmål 1446 moh. Frå Årdal i Breim til Klakegg i Jølster.
IconSted
Gloppen
Icon Tid
Kl. 08.00 - 18.00
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Icon Kontaktperson

For først gong skal Indre Sunnfjord Turlag arrangere fellestur til Daurmål 1446moh. 
Ruta går: Årdalstøylen - Daurmål 1446moh - Flategga - Klakeggfjellet - Klakegg. Dette er ein lang og krevjande dagstur i fjellet som krev god fysisk form og god turbekledning. 

Frammøte ved Klakegg i Jølster (p-plass i vegkrysset der ein tek inn til Stardalen) kl.08.00. Derifrå vert det felles transport til Årdalsstøylen i Breim. Vi startar rett på stigninga opp til Daurmål 1446moh. Det er ikkje tydeleg sti frå Årdal over Daurmål. Frå toppen går ein vidare innover Flategga til Klakeggfjellet 1211moh. Derifrå er det kring 1000høgdemeter ned att til parkeringa på Klakegg der bilane står. Det kan opplevast noko bratt / ulent ned til Klakeggstølen ca 660moh, men frå stølen og ned er det tydeleg og merkt sti. 

Maks 20 deltakarar. I deltakaravgifta er det lagt inn bussutgifter, som DNT-medlem dekkar turlaget delar av avgifta.
Medlem 250,- Ikkje medlem kr 400,-.

#helgetur

Icon Oppmøtested