Go Norsk Friluftsliv to main content
23. Aug 2026

Fottur til Oldeskaret og Blåfjellet 1316moh

Mer informasjon
Fottur til Oldeskaret og Blåfjellet 1316moh
IconSted
Sunnfjord
Icon Tid
Kl. 10.00 - 16.00
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Icon Kontaktperson

Denne flotte turen startar frå Høyset i Stardalen kl 10. Vi går opp til Haugastølen 650moh, før turen går vidare oppover til Storevatnet 1049moh. Der kan det bli høve til å bade (på tilbaketuren) viss vêret tillet det. 

I Oldeskaret 1100 moh er det ein fin varde å ta pause ved. I år går vi ikkje ned til Briksdalen, men vi fortsett over elva til steinhytta Jarbu. Her kan dei som ynskjer det sette inn ryggsekken, før vi tar fatt på stigninga opp til dagens turmål: Blåfjellet 1316 moh. Herifrå har ein flott utsikt innover Jostedalsbreen og brefalla rundt og ned mot Oldedalen!

Du kan sjå turskildring for sjølve Oldeskaret og studere kartet her: https://ut.no/rutebeskrivelse/13394265

Ta med deg; godt med mat og drikke, gode sko, ekstra klede og sitjeunderlag.

Turen tek om lag 6 timar med pausar.

Samkøyring frå Førde 08.45, utgifter delast direkte til sjåfør. 

Praktisk informasjon (gjeld alle turar)

  • Turane vert gjennomførte som frivillig dugnad. Turleiarane har god kompetanse, men alle deltakarar har ansvar for seg sjølv og eige utstyr. IST følgjer DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar.
  • Samkøyring vert avtalt der det er aktuelt. Passasjerar betaler vanlegvis kr 50 per person for turar inntil 40 km kvar veg. For lengre turar tilrår vi 3,5 kr/km delt på tal passasjerar. Eventuelle bompengar og parkeringsavgifter vert fordelte.
  • DNT har ei sett med ulike pakkelister her: https://www.dnt.no/pakkelister/.  
  • Som deltakar kan du bli fotografert av turleiarar eller andre deltakarar, og bileta kan bli brukte i IST sine kanalar. Gje beskjed til turleiar om du ikkje ønskjer å bli fotografert.

#helgetur

Icon Oppmøtested