Go Norsk Friluftsliv to main content
05. juli 2025

Fottur til Sjønosi

Mer informasjon
Fottur til Sjønosi
IconSted
Icon Tid
Kl. 09.00 - 16.00
Icon Arrangør
Årdal Turlag
Icon Kontaktperson

Laurdag 5.juli ELLER søndag 6.juli, avhengig av veret, kan du bli med på fottur til Sjønosi i Lærdal. Endeleg dato vert bestemt torsdag kveld når påmeldingsfristen er ute. Dei som har meldt seg på får beskjed då. 

Påmelding til turleiar Inga Jane Vie Karlsen tlf 916 85 926  eller Rolf Engløkk tlf 95982635 innan torsdag 3. juli kl. 20.00.

Turen er eit samarbeid med Lærdal turlag.  Turen startar frå Grindheim i Lærdal kl. 10. Her er det begrensa parkering så deltakarane må melda seg på slik at me får samla oss i ferrast mogeleg bilar!

For dei som kjem frå Årdal er det oppmøte ved Rema 1000 på Årdalstangen kl. 09.00 for samkøyring i privatbilar til Lærdal.  

Me reknar med å bruke rundt 6 timar på turen, ca 4.4 km og 850 høgdemeter kvar veg. Turen vert gradert som krevande.  

Stien startar ved Grindheim, ved grinda merka Glipstølen. Følg godt merka og god sti opp fjellsida til du kjem til Glipstølen, det er nokre bratte parti. Det er fleire plassar sett opp kjetting  for å gjera turar på vinteren tryggare. Du går forbi mange lokale stadnamn som Nedre Galden, Sprakegalden, Systrene, Vinkjelda og Øvre Galden. Eit lite stykke etter Øvre Galden kjem du til ein plass me kallar «Fotobjørka» der du har svært god utsikt ned i dalen og fjorden.

Etter det flatar stien noko ut opp til stølen Glep kor det er eit SjekkUT-punkt. Vidare opp til Hellandsgrovi går stien i mykje kratt, men er godt merkt, bruk lange bukser. Me kryssar bekken ved Hellandsgrovi, som er siste moglegheit til å fylle vassflaskene med godt vatn, og går vidare etter raudmerkt sti, no over tregrensa. Terrenget er no lettare heilt til me ser turmålet Sjønosi med utruleg flott utsikt over Indre Sogn og mot Vest-Jotunheimen!Normalt finn me ikkje vatn før stølen Glep og etter Hellandsgrovi, så vassflaska må væra fylt før turen.

Hugs elles godt med mat og drikke! 

Icon Oppmøtested