Dette er turen for deg som vil gå langt og mange høgdemeter i variert terreng. Til fjellet med det stilige namnet Skjorta.
Oppmøte: Festplassen i Førde kl. 08.30 dersom du ønskjer å samkøyre, eller oppmøte direkte ved Helgheim kyrkje kl. 09.15. Turen startar ved Helgheim kyrkje.
Gradering: Krevjande fottur i fjellet, grunna lengde og totalt høgdemeter.
Passar for: Passar for ungdom og vaksne. Du må vere i god form.
Lengde: ca 20 km tur/retur.
Total stigning: ca 1200 høgdemeter (200 moh-1472 moh).
Anslått gåtid: ca 8 timar. Pausar kjem i tillegg.
Utstyr: gode tursko, ekstra varme kler i sekken, mat og drikke.
Turomtale:
Turen startar frå Helgheim kyrkje der vi parkerer. Vi går nokre hundre meter på asfalt, til den siste garden bak Helgheim kyrkje. Deretter stiger vi raskt på den koselege grusvegen som går nesten fram til Helgheimsstølen, som ligg på ca 600 m.o.h. Vi følgjer raudmerka sti resten av turen.
Frå Helgheimstølen går vi til Vasskaret (ca 950 m.o.h). Her er ei fin steinbu. Det er ei kort bratt nedstigning til Vasskarvatnet. Her kan det ligge igjen eit lite snøparti, elles er her store stein å gå på.
Etter Vassvatnet er terrenget lett å gå i, relativt flatt til vi går forbi endå eit nydeleg fjellvatn, Tverrlivatnet. Etter Tverrlivatnet begynner oppstigninga til Skjorta. Det er jamn og fin stigning opp mot platået på Skjorta. Vi ser ned til Breimsvatnet og flott utsikt i alle kantar.
Retur same vegen tilbake.
Sjå også turomtale om Skjorta i Opptur Sogn og Fjordane eller Opptur Indre Sunnfjord .
Turleiarar: Astrid Sundset Moe, Reidun Kristiansen og Merete Helgheim (kontakt tlf 99 45 79 50).
Turen kan bli avlyst på kort varsel grunna vær. Vi publiserer dette på nettsida og du får ei melding dersom du allereie er påmeldt.
#helgetur