Go Norsk Friluftsliv to main content
09. aug. 2025

Fottur til Troda 954 moh (Davik) - (1)

Mer informasjon
Fottur til Troda 954 moh (Davik) - (1)
IconSted
Davik
Icon Tid
Kl. 09.00 - 10.00
Icon Arrangør
Midtre Nordfjord Turlag
Icon Kontaktperson

?

Turen startar frå vegkrysset mellom bygdevegen og skogsvegen nedanfor Lida. Turen følgjer skogsvegen til ein kjem opp på Furenakken. Der sluttar skogsvegen og turen går vidare i ganske flatt terreng på den gamle seterstien ut Hausledalen. Ganske god sti, men i periodar litt vått nokre plassar. Vi kjem så til Stabrekka som var sommarseter for Lida, Birkeland, Haslerud, Wiik, Hausle og Bøen. Kvart bruk hadde sel og tilsaman var der ca. 20 kyr og 5-6 budeier.

Turen går no jamt oppover (mot sydvest) på god sti. Ein går forbi Rinden, Fessene, i Sprekluteggja på 837 moh tek vi ein god pause. Her er det bygd ei hytte inntil ein stor stein, der tunet er steinsett med sitteplassar på alle kantar.  Mot vest ser ein Hornelen og deler av Kalvåg, Bremangerlandet og Kjerringa på Stadlandet. I sør ser ein  Gjegnen, Ålfotbreen, Plogen, og Keipen.

Frå Spekluteggja går ei austover mot Lisjetroda, og utsikta blir finare etter kvar når ein nermar seg Troda ( 954 moh).

Når Nordfjorden opnar seg er det berre å nyte stunda.

Turen nedatt legg vi om Gullhaugen/ Kleberget der bygdefolk har skreve navna sine i den mjuke bergarten som er i område. Kanskje får vi også tid til ein tur innom Kvitesanden, dette var sommarseter for gardane i midtre Davik. Her var det 9 sel, 60-70 kyr, 10-12 budeier (og eit ukjent tal friarar).

Frå Kvitesanden følgjer ein den gamle  setrestien til ein kjem ned på skogsvegen, så er det berre å halde fram på  vegen ned att i bygda. Heile turen tek ca 6 timar.

Oppmøte på rutebilstasjonen på Nordfjordeid.

Velkomne til turlagstur!

Icon Oppmøtested