Go Norsk Friluftsliv to main content
21. juni 2025

Fottur til Vetvikja

Mer informasjon
Fottur til Vetvikja
IconSted
Bremanger
Icon Tid
Kl. 10.00 - 11.00
Icon Arrangør
Ytre Nordfjord Turlag
Icon Kontaktperson

Alt for få i Sogn og Fjordane kjenner ei av dei vestlegaste naturperlene våre, Vetvika i Bremanger. Du kan komme dit sjøvegen, helst på ein fin sommardag, men det er for lettvint. Den store naturopplevinga får du ved å gå turen frå Svarstad på Bremangerlandet og over fjellet.

I starten følgjer ein vegen som får opp til fjernsynssendaren på Steinfjellet.  Etter ein knapp kilometer deler stien seg og du må velje retning. Sjå på skilta. Det er då mest vanleg å ta til venstre, gå vidare over høgda nord for Karihaugen til ein kjem fram på kanten og kan sjå ned i Vetvika. På forsommaren er grasslettene i vika irrgrøne i sterk kontrast til den kvite sanden. Det er ei kraftig naturoppleving å stå oppe i lia nokre hundre meter over sanden og nyte synet. Turen ned bakkane kan vere litt krevjande, men ikkje vanskeleg for nokolunde flakkføre personar. Turen ned endar inst i vika rett ved sanden. 

Har ein først teke turen ned i vika, er det også verd å ta turen ut til moloen på sørsida. Då går du også forbi den særeigne kyrkjegarden som ligg innegjerda på innmarka. Ein fin sommardag er det berre idyll å vitje Vetvika. Om du ikkje set for høge krav til sjøtemperatur, har du ei sydlandsliknande badestrand å boltre deg på.

Heile rundturen tek normalt 6 - 8 t.

Les meir om turen her: https://ut.no/turforslag/116212/vetvika-et-naturhardt-paradis


Icon Oppmøtested