Har du lyst å gå frå Gloppen til Jølster? Dette er turen for deg som vil nyte ei flott vandring i eit landskapsvernområde og villreinområde, samt sove på den mest nytta hytta i Indre Sunnfjord Turlag.
Gradering:
Laurdag 30. aug: Turen frå Fitjevårstøylen (Sandane) til Longevasshytta via Blåadalen (ut.no) er ca 14 km og tar ca 6-8 timar å gå. Turen er krevjande, grunna lengda. Passar for deg med god uthaldenheit.
Søndag 31. aug: Fra Legestøylen (Årdal) til Longevasshytta (ut.no) er ca 6 km og tar ca 2,5 timar å gå.
Om turen
Laurdag 30. august:
Oppmøte på Legestølen i Årdal kl. 09.00. Her parkerer vi bilane. Vi køyrer deretter buss til Sandane og Fitjevårstøylen (tar ca 1,5 timar). Dei som ønskjer kan evt møte opp på festplassen (laksen) i Førde kl. 08.00 for felles transport i privatbilar til Legestølen.
Vi startar turen på Fitjevårstøylen. Turen går i varierande og flott terreng. Etter ei bratt start går vi via Langedalsvatnet, vi stiger vidare oppover dalen og kjem til Bjørnasteinen. Vi går gjennom den flotte Blådalen. Sjå heile turomtalen via linken ovanfor på ut.no.
På kvelden blir det hyggjeleg samver og middag på Longevasshytta.
Longevasshytta (ut.no) har 11 sengeplassar og mange oppreidde madrassar på hems, samt sovesofa og sikringsbu. Det er lagt opp til inntil 20 deltakarar inkl turleiarar.
Søndag 31. august er det avreise frå Longevasshytta kl. 10.00. Turen til Legestølen går i lett terreng mot Kupa, forbi Stegsvatnet og ned til dalen.
Utstyr:
Gode tursko, skiftekle (ulltrøye, genser, bukse, undertøy), lakenpose eller sengetøy (evt sovepose), toalettsaker. Se gjerne pakkliste sommer for tips: Hvordan pakke sekken - Pakkeliste fjelltur sommer (dnt.no), Ta med mat: niste til begge dagar og frukost søndag.
Vi lager felles middag på laurdag der vi plukkar frå matlageret på hytta. Middag er inkludert i prisen.
Praktisk info, påmeldingsavgift:
Pris per person for kost, overnatting, transport: kr 800 for DNT medlem, kr. 1000 for ikkje-medlem.
Dette dekker felles middag på laurdag (som vi lagar frå utvalet av mat på hytta), kaffi/saft til kveld/morgon, og felles busstransport frå Årdal til Fitjevårstøylen.
Turleiarar: Lise Mari Haugen og Merete Helgheim (kontakt tlf 99 45 79 50).
Turen kan bli avlyst på kort varsel grunna vær. Vi publiserer dette på nettsida og du får ei melding dersom du allereie er påmeldt.
#helgetur