Friluftsskule 2025; måndag 23. juni til onsdag 25. juni. Tilbodet er for ungdommar fom 5 klasse og tom 8 klasse. Maks 25 deltakera. Avgang kl. 15.00 frå parkeringsplass i Rivedal måndagen. Vi går inn til Nipebu og har 2 overnattingar der. Ein kan overnatte på hytta eller ta med telt/lavvo eller sove under open himmel (ved fint ver). På Nipebu er det mogleg å fiske, bade, ro båt, padle kano, spele spel ++. På onsdagen går vi ned til Skorvemarka der det vert hagleskyting, luftgeværskyting ++. Ein må ta med seg den maten ein skal ha desse dagane. Utstyrsliste vert sendt ut når det nærmer seg. Vi er 2 vaksne som er ansvarleg, i tillegg til 3 ungdommar som er medhjelpera.